Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 19. TRONDHEIM - OPPDAL 20. JULI
Kom oss litt seint avgarde i dag. Åt ein skikkelig god hotel frukost å tok oss god tid.
Stakk ein snartur innom Lerkendal stadion før me for ut av byen. Me hadde funne ein veg som blir kalla for Heimdalsruta. På denne vegen kom ein seg heilt til Støren ( 55km ) uten å måtte inn på E6. Me bala litt eit par plassar kor det var dårleg skilta ellers gjekk det fint og sykle her. Veldig lik den ruta som me sykla inn til Trondheim. Gjekk stort sett på sykkelsti, men og litt innom småvegar. Første stopp i dag vart i Støren der me kjøpte wienerbrød.
Ikkje på Størens bakeri, men på coop. Sykla vidare mot Berkåk. Hadde oss ein liten bananpuse, der kom me i snakk med 2 fiskara som peika og viste oss ein laks på 6 til 7 kg som dei dreiv å fiska på. Hadde stått på samme plassen i 2 dagar, men dei fekk han ikkje.
Vidare mot Berkåk der me stoppa og åt oss eit lite måltid. Kom der i snakk med 3 Bergensarar som var ute i samme ærend som oss. Dei starta på Nordkapp ein dag etter oss. Dei skulle ta Østerdalen, mens me skal over Dovre. Norunn tykkte de var 3 skikkele kjekke kara. Jarle syns dei va sånn passele ;) Nei da kjekke va dei, me ønkste dei god tur. Kansje me treffes igjen om nokre dagar. Me kjem i kontakt me masse folk om dagane og kjekt e da.
Me treffe masse bila me syklar på taket. Norunn seie da at hvis me skal ha ferie neste år skal me kjøyra rundt me sykkelen på taket. Dan skal ikkje brukast berre stå på taket. Når da gjelde syklane våre so hadde me dei me inn på hytta og hotel alle dei 6 første overnattingane. Dette i frykt for at dei skulle bli stolne. No slenge me dei ifra oss alle plassar i håp om at dei skal bli stolne :))
I kveld sjekka me inn på ei lita hytte på Smegarden camping.
Veldig fin campingplass.
I morgo startar klatringa opp mot Dovrefjell. Da skal vel gå da og.
Dagens tall
Distanse : 135km
Tid : 7t 59m
Middelhastigheit : 16,90
- comments
Monica eg og Norunn er ganske einige om mannfolk, med somme store untak....ho hadde sikkert heilt rett idag! winerbrød, raske karbohydrat, men det veit de vel alt om! Pass opp for oksane på Dovre!. Kor kan eg stå å vinke til dokke med ein matstasjon?? Stå på!! Eg hadde hatt problem berre med å komme meg opp på setet:)
Arne Hei igjen, ja men detta gaor bra. Dovre er ein flott fjellovergang, god tur over fjellet og ned Gudbrandsdalen. Eg hadde fin sykkel tur frå Hafslo til Førde over Gaularfjellet i går. Nydeleg natur og gode motbakkar. Familien var pao handling i Førde!
Annette Heisann...utruleg so imponert me e øve dikka og kjempe spennande og følja dikka. Ditta e blitt dagens høgdepunkt i familen...høgtlesing fra bloggen dikkas ;) Ska helsa so masse og fra Svein Olav t Norunn og sei at da ska ho ha at ei sprekare dama på fjord1 fyllkesbåtane ska ein leita leinge etter ;)
Kari Jensine og Malfred Me er imponerte, god tur vidare.
Kjellfrid Fint oppe på Driva! Der har eg ei venninne! God tur over fjellet!
Jarle/ Norunn Hei hei Kjellfrid : Ja fint dar og. Og me hadde ein fin tur over fjellet. Litt kaldt på morgokvisten ellers fint. Kari og Malfred : Takk før da. Er egentlig litt imponert sjølve og. Og turen over fjellet gjekk fint. Annette: Kjekt de føle oss. Norunn e ei spreke dama ho. Å sikkert dan sprekaste i Fjord 1 ;) Arne : Detta går bra veit du. Hadde ein fin tur over fjellet og enda finare i Gudbrandsdalen. Monica : Norunn og Monica er vel enige om da mesta dei ;) Såg ikkje ein einaste okse so da gjekk bra. Du kan stå på Lindesnes da er ein passande plass;). Skal væra med deg å sykla Jølstravatnet rundt me neste år...