Profile
Blog
Photos
Videos
Kom oss pent og pyntelig ut fra vetle Hønefoss. Me starta med oppholdsvær, men da skulle bli ein forandring på seinare på dagen. Det var meldt store nedbørsmengder og det fekk me.
Første stopp i dag blei i Vikersund. Det me fekk i oss der var følgande : Pølse med lompe, kaffi, Tom og Jerry kjeks og tørka aprikos. Da smakte godt da før me reiste vidare.
Neste stopp blei i Hokksund på ei kro kor dei reklamerte me at dei solgte ekte geitost frå Sogn. Me sykla vidare mot Kongsberg å da får me nok ein punktering. No blei da bytt dekk og. Bra ein er positiv, for punktering når da høljar ned er ikkje so veldig kjekt. Fekk på ny slange å nytt dekk å trakka vidare. Ein liten stopp på Kongsberg der me fekk vita at da va kaos i Notodden kor me skulle. Vatn so reiste med vegane. Me for likavel mot Notodden og håpa da beste. Eit lite stykke etter Kongsberg var vegen stengt. Me snakka me dei som sto og passa på at ingen kjørte forbi og spurte om me kunne få sykla der. Det var greit, han sleppte oss forbi. Trur da må væra fyrste gongen at 2 syklistar hadde heile E134 mellom Kongsberg og Notodden for seg sjølve. Ein skikkelig opptur på slutten av dagen.
Me passerte eit nytt fylke i dag og, no Telemark.
Me tok i dag inn på Norlandia hotel på Notodden.
Dagens tall
Distanse : 124km
Tid : 8t 7m
Middelhastigheit : 15,33km
- comments
Monica Mykje hotell-overnattinga, men det er dokke vel unt...Nydeleg ver her med oss idag! Ikkje langt til mål no!!! :)
GAK Hei stabeisa. Heime frå ferietur sto km-teljaren min på 2420, det er vel noko lignande totalt for dykk og. Puh, tek på med slike distansar:-) STÅ PÅ, no greier de det. Hugs de er velkomne på Valle for overnatting.
Leidulf Hei.God morgon. Eg har tru på att de no kjem til å nå målet,om eg kanskje var litt skeptist når eg høyrde planen første gongen.Ei lita påskjønning for innsatsen frå meg og Lillian vil koma på trykk når målet er nær.god tur vidare.
Kjellfrid Dette går då flott! Ikkje langt att no! Lukke til!
Sivert Heiaheia! Eg gleda meg til de kjem heim! suss frao Sivert
May-Hilde De e kjempeflinke. Stao no pao vidare :-)
Jarle/ Norunn Hei Alle. ME E FLINKE... May Hilde : Takk å takk. No nærma me oss. Sivert : Hei deg go gutt. Fint du gleda deg. Synd mammen og pappen din teke deg me på tur når me kjem heim. Suss.. Kjellfrid : No minka da da ja. Å takk.. Leidulf : Ja me og har tru på da sånn so me ha hatt heile tiden. Og ei påskjønning er altid lika kjekt. GAK : Har vore på Valle og det var kjekt. Og me har fleire kilometer enn da de har. Monica : Fint vær har me og hatt i dag ( Tirsdag ) Litt for mange hotel overnattingar, men e no da enklaste når ein ikkje har ordna seg på forhånd.
Gro Kirsti Køyrde truleg forbi dikka to gonger på 5 minutt, søndag 24 juli. Me kom frå Hokksund og skulle stoppe på ei kro(Langaard..eller noko liknande) Sto to sykklistar so styra litt med eine sykkelen i ein motebakke, retning Kongsberg. Mykje trafikk og dårleg med "utkøyrsle" gjorde at me ikkje kunne helse på. Men flinke har de vore. Moro å lese blogg;))