Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 9. STAVE - STOKMAKNES 10 JULI.
Å FOR EIN STRÅLANDE MORGON.
Vakna på Stave camping med sol frå skyfri himmel. Med utsyn til havet og den kjempeflotte sandstrondi. Me åt oss ein god frukost, pakka og gjorde oss klar til å få bakenden oppatt på sykkelsete. Hvis de er nokon som lurer på korleis det er med helsa etter desse dagane so kan me sei att den slett ikkje er værst. Kjenna da no litt både i skuldra og knær. Gnagsår på ein frammlabb :) og litt småtteri. Er vel heller ikkje noko magnet mellom bakenden og sykkelsete. Uansett so gler me oss til kvar ny dag på vegen. Håpar de har vore inne og sett på bilda som me har tatt. Dei finaste bilda er vel uansett dei som er inne i knolten på oss. Først på dagen i dag så sykla vi ferdig Andøya på yttersia. Dei som har tenkt seg oppover her anten med bil eller sykkel bør absolutt ta yttersia av øya. Dei 2 fyrste timane i dag var berre heil utrulege. Heilt vindstille, blankt hav og kun 3 bilar på 2 timar. FANTASTISK.. Me sykla over Andøybrua og forlet Andøya med mange gode opplevingar. Vidare sykla vi langsRisøysundet og inn i Forfjorden kor vi i lag med myggen tok matpause. Vidare mot Sortland og over Sortlandsbrua kor vi hadde ein forferdeleg sidevind. Vurderte å gå av sykkelen, men klikka oss av pedalane å kom oss over. Mot Stokmarknes hadde vi ein kraftig vind på skrå forfra. Over brua til Stokmarknes bles de enda kraftigare enn på foregåande brua. Den eine av oss gjekk over heile brua i frykt for velt. Me tok inn på Stokmarknes camping der det var berre ei hytte igjen som var ledig ( flaks ) Hadde tomatsuppe og ferkst brød til kvelds. I morgo forlet vi Vesterålen og set kursen mot Lofoten. Har vel nesten allerede bestemt oss att vi tek 1 ekstra døgn her til tross for dårligare meldinga. Norunn har begjynt å snakke om att ho har fått so kraftige lår at ho må gå med skjørt i heile vinter. Får håpe de gjeld berre ho. Den andre personen i grupettoen er ikkje so kjempebegeistra for skjørt.
Dagens tall:
Distanse: 121km
Tid: 6t 40 min
Middelhastigheit: 17,84
- comments
Frid Eg har ett avdanka dongeri-skjørt du kan få låne (vinterfora) og..Fortsatt god tur....
Gro Anita Kvam kjekt å følja med på bloggen dikkas:) forsatt god tur:))
Kjell Misje Hei Vi var i Kabelvåg på samme tid. Er no litt utanfor Leknes og kjem til å overnatta der til imorgon (Tirsdag) so reiser vi til Moskenes. Har hørt at det skal væra Norges finaste campingplass der, rett opp ved kyrkja. Kansje me treffes der. God tur videre, synd de blei regn og vind.
Sverre Kjos-Wenjum Litt ao ein tur de e pao, jammen spreke de, men slek e no bakkingadn. Ska de forbi Averøy på tur nedover (litt sør for Kristiansund)? I tilfelle kan me by på mat og drikke i neste veke.
Oddny Hei,hei. Moro å lesa bloggen dykkar. Me har hatt ei kjempefin helg på Askrova. Brukbart ver og. Ein god tur vidare,helsing frå oss på Viki.
Arne Hei igjen. Kjekt å fylgja med deko, flotte foto. Fint at det går så bra med syklinga. Nydeleg padletur pao eit blikk stille Hafslovatten i går kveld, flott da og! God tur vidare, mykje vakker natur igjen.
Janne Lese blogg kvar dag!! Må passa pao at de ikkje bli frista te å hiva dikka på ein buss sør øve....!! :) De e super flinke altso!!! P.S. ska lova å ikkje le når du kjem i skjørt på jobb.... sikkert ingen andre so kjemme te å gjera da heller....ja le altso... :)
Rune Følge me på kolles de går me dokk. Flott at de går så bra :) Kanskje sjer vi dokk på vei'n når vi e opp i Trøndelag :)
Kjellfrid Ta dikka ein ekstra dag i Lofoten! Der er så mykje fint frå Svolver til Å. PS. I Svolvær må de inn på Galleriet til han Stieg Tobiassen! Uforgløymeleg. God tur vidare.
Irene Moen Heisann - kjekt å følja med dikka. Fantastisk mykje fine bilder. God tur vidare:-)
Jarle / Norunn Frid : Ha skjørtet liggande langt framme i skapet i tilfelle. D u e jammen snidle ;) Gro Anita : Kjekt du føle me oss. Å takk Kjell: Me treftes, og cognacen va go.. Sverre : Bakkingadn e spreke so ha gått bakkingavegen 2 gange før dagen sia me va bitte små. Skal etter planen innatt på E6 ved Mosjøen å følga den til Lillehammer. Får sjå kor travelt da bli å sykla E6. Værmeldingane spela og inn. Oddny : Flott de hadde da bra på Askrova. Og veldig kjekt at de følge oss på bloggen. Arne: Blir aldri lei å padle Hafslovatnet. Har tenkt litt padling og når me har fore forbi alle desse flotte plassane. Kjekt at de føle me på bloggen. Janne: Flott at du lese bloggen. Foreløbig ikkje frista til å ta buss. Trur eg dukka opp i skjørt uansett eg ;) Rune : Kjekt du føle me. De får sjå etter oss. Syklar me Norsk flagg bak. Kjellfrid : Skulle hatt ei veke til minst. Får bli ein anna gang. Irene : Flott du føle me oss. Mykje fint å ta bilder av. Å takk.
Sofi De5ke sprekingane! Eg e imneoprt! Eg har vore ein del e5 farta pe5 Sortland og i Lofoten, men de5 med bil Synd at me for fre5 Nesna ff8r de5ke kom dit, me kunne jo hatt oss ein is pe5 kaien ilag De5ke har masse fint foran de5ke! God tur vidare. Eg blir e5 ff8lle med pe5 de5ke! Sykler de5ke Sansnessjf8en Brf8nnf8ysund? De5 me5 de5ke fe5 med de5ke dei 7 sf8strene og Torghatten. De5ke sykler forbi dei 7 sf8strene. Torghatten ser de5ke fre5 Brf8nnf8ysund sentrum!