Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 16. MAJAVATN - ØKSNES CAMPING 17. JULI
Me kom oss tidlig frå hytta vår på Majavatn. Åt eit par skiver på kver før vi bega oss i veg. Ville prøve å få oss frukost på vertshuset Nams inn,
men me var for tidlig ute. So me sykla vidare. Norunn hadde ikkje fått seg kaffi og den dama treng kaffi om morgonen so føtene gjekk som trommestikker på jakt etter kaffi. Trødde so ho var gali gjorde ho. Etter ca 40km kom me til Namskogan hotel . Me var gravsvoltne so der kjøpte me oss frukost.. Frukosten var god dan og dama fekk seg kaffi so no var alt berre fryd og gammen. Forlet hotellet blide og fornøydde med eit par hardkokte egg i baklomma på sykkeltrøya For vidare var ein svipptur innom Grong gard
kor me såg oss litt om. Kjempefine plass. Blir ein del slike avstikkara om dagane. Trur her Kvam er begjynt å merke alderen dei siste dagane. For når me stoppar og teke pissepause og han sete seg opp att på sete og får press på blæra går dei 2 siste dråpane rett i broki :))) Heilt meiningslaus informasjon dette selfølgelig, men ka ska ein skrive om når ein set å trakkar oppi skogane i Trøndelag ;)
Hadde egentlig tenkt å sykle til Steinkjer i dag, men når me kom til Øksnes camping ca 33 km nord om Steinkjer og der var ledigt so tok vi inn der. Hadde no ein etappe på 157 km so de va no ikkje so aller værst da.. Sjekk bilde ka me fekk til kveldsmat dar.
Veldig fornøyd me dan.
Norunn og Jarle gratulerar Anne Grethe fra Årdalstangen som har komt seg frå Nordkapp til Lindesnes på sykkel spint åleina.
Tøffe dama som har stått opp halv fire om natta og begjynt å sykla. Jammen e da no litt tak i dessa Årdølene og ;)
Dagen tall
Distanse: 157km
Tid: 8t 29 min
Middelhastigheit: 18,48
- comments
Anne-Grethe Solheimslid Eg sitter og mimrar frå turen og planlegger sommarens tur :) Saumfarer kart og høgdekurver i norges land igjen. Opningstider på matbutikkar og aktuelle sportsbutikkar til div reservedelskjøp :) PS..... Eg skifter dei punkterte dekka mine sjølv etter fadesen i Horten ;) Å i den anledning må eg jo innom og lese om alle bakkane dikka som eg kanskje kan klare å styre unna ;) Men det blir vel vanskeleg. Vi skal starte på Ørlandet til sommaren og bevege oss nordover ute ved kysten. Men det ser ut som vi må ein del inn i landet for å sleppe å svømme med syklane. Alltid kjekt å lese blogginnlegga dikka :) Takk for gratulasjonen forresten:) Helsing dama frå Årdalstangen :-)