Profile
Blog
Photos
Videos
- INGEN PUNKTERING I DAG
- SOL FRÅ SKYFRI HIMMEL
- ME E BLIE OG FORNØGDE
- AUST AGDER FYLKE I DAG
Eva var oppe og laga frukost til oss i dag. Me åt ein god frukost i lag med Martin og Eva før me for. Fekk og sagt hade til Kjetil og Trude som skulle på jobb. Dette er de seinaste me har komme oss avgarde på heile turen. Klokka blei vel nermare 0930 før me reiste.
Første stopp i Kragerø kor me måtte venta 2 timar på ferja til Stabbestad. (Mista ei me 3 min ) Er ikkje so lett å beregne tid når ein syklar som når ein kjøyrer bil. Norunn kom i snakk med ein matros på ferja som var frå Selje. Va visst ein kjekke kar da kunne ho fortelja.
Ca 18 km etter Stabbestad skulle me ha ei ny ferje. Vel å kalle det ei ferje var kansje å ta litt hardt i, men me kom no oss over til Risør. Ein stopp i Risør for å handle søtsaker. Nop so han Kristian seier. Når me kom til Tvedestrand måtte me ha rådslagning ka me skulle gjere. Me hadde ikkje overnatting og klokka var 20.00. Me blei enige om å sykle til Arendal å ta inn dar. Nett før me kom til Arendal sto de to ungdomar ( ca 25 ) i eit busskur. Den eine kom og stoppa Jarle. Han hadde ein kartong med vodka. Han slo opp i eit glass og sa at den kommer ikke du til å drikke. Jarle tok frå han glaset og drakk det opp. Ungdomen lo godt og sa at det hadde han aldri trudd. Kjenne nok lite til folk som kjem frå Skjervo dan karen Me sa by by til dei to karane og fekk oss eit hotelrom hjå han Olav Thon for natta. I måro skal me prøva å sykla til LINDESNES
ME E TRØYTTE, MEN VELDIG KLAR FOR SISTE ETAPPE PÅ DETTA EVENTYRET VÅRT.
Dagens tall
Distansse : 119km
Tid : 7t 16 min
Middelhastigheit : 16,33km
- comments
Arne hei igjen, takk for flotte foto og gode oppdateringer undervegs. Da har vore moro å fylgja deko. Jane og eg har vore svært ivrige blogglesarar. Eg er heilt sikkar på at eg skal sykla same strekninga når eg får tid. Gratulera med vel gjennomført styrkeprøve og velkomen tebake te vakre Hafslo. Med
GAK Hei dikka. Fint avreisebilde frå Valle. De ser spreke ut, og kanskje det stemmer dette med kraftige lår. De har vel med sjampis til Lindesnes??
Oddis,CK,Sivert FLINKE mamms og papps!! Imponerande att de tek fatt på siste etappen i dag! Og so e da pao tide att de kjem heim og tek morgonskiftet med Sivert....;) Me gleda oss til å sjå dykk i helga! klem frå oss3
Leidulf Hei. Dette ser flott ut.Belønninga fra oss er ein bedre middag på Chinaen i Sogndal når de er komen heim og har fått dusja
Monica fantastisk!! Karane frå Sogn veit å ikkje takke nei til sterke saker....Arendal er ein superfin by! Kos dokke siste kvelden!
Jarle/ Norunn Hei Monica : Blei nest siste kvelden Monica, men kosa oss før da;) Leidulf : So flott. Tusen takk. Å ja de sikkert best me dusja fyrst.. Sivert, Oddis og CK : Morgoskiftet tek me gladleg. Sjølv om me trenge litt søvn. GAK : Låri e faste å fine, ivertfall faste. Ikkje sjampis, men muserande får holda da. Bilde kjem på bloggen. Arne : Takk før da og takk for følge. Skal nok innrømmast at heimlengselen er begjynt å merkast men me har da kjekt. I dag blei me kasta av motorvegen av 2 politimenn ;)