Profile
Blog
Photos
Videos
-DRIT LEI PUNKTERINGAR
-MØKANDE LEI OPPOVERBAKKE.
- HUMØRET ER FORTSATT PÅ PLASS
- DETTA SKA ME PINA DEG GREIA
Åt frukost på Norlandia hotel på Notodden før me begjynte ferden i dag. Me satte kursen mot Gvarv der me hadde første stoppen etter ca 26km. Det blei ein matpause med litt forskjellige sunne rettar. Vidare mot Ulefoss der me tømde oss, og kor me fikk fylt opp igjen flaskene. Etter Ulefoss blei det nok ein punktering. No er det slutt på å sykle på sykkel og gangsti for er det nokon plass ein punkterer so er det dar. For heller tole noko fløyting og langfingen. Neste matstop i Porsgrunn der me fekk fylt Statoil koppane våre og kjøpt Wienerbrød. Skikkele sunne e me.
Me hadde ingen spesielle plan om overnatting, men hadde eit ståande tilbud om overnatting hjå Martin, Eva, Kjetil og Trude på Valle. Me hadde egentlig tenkt å sykle litt lenger, men me var trøytte og da regna so me la kursen til Valle. Kjetil kjøyrte forbi oss på E18 , men stoppa ved avkjøyringa til Valle. Han hadde sett 2 slitne syklista som sleit seg opp bakkane som han drog kjensel på. Me kom oss til Valle ivertfall, på sykkel vel å merka hvis det skulle væra noko tvil om da. På Valle vart me tatt godt imot. Me fekk oss ein dusj, fekk kjempegod mat og noko godt i glaset. Me hadde ein kjekke kveld dar. Spesielt kjekt å få prata me Martin. Jarle har altid sett opp til Martin. Altid når dei har komme anten til Skjervo eller Straumen so lagar han liv og røre. Og da besta med Martin var at når han og Jarle fiska fekk Martin lite fisk og Jarle masse :)) ( Å huffa meg ;)
Distanse : 121km
Tid: 8t 19 m
Middelhastigheit : 14,52
- comments
Kari Jensine og Malfred Me følgjer med dykk kvar dag på bloggen, INPONERANDE, God tur vidare, snart i mål no, superflinke er de.
Jarle/ Norunn Takkar Kari og Malfred. No nermar eventyret seg slutten ;)