Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 13. KJELLING - KILBOGHAMN. 14. JULI
NOK EIN DAG MED REGN OG VIND.
Norunn hadde klokka på vekking 03.45!! i dag tidleg/natt. Kom oss i veg klokka 04.35. Ville forsikre oss om at me greide å nå 10.15 ferga frå Ørnes. Neste gjekk ikkje før klokka 15.00. Ein strabasiøs tur på 60km. Regn og sterk motvind. Ei stund so hadde me faktisk hagl. Kan ikkje akkurat sei me kosa oss da. Når dei værste vindrosene kom hadde me meir enn nok med å halde oss på vegen. Me trødde de me hadde og holdt i snitt 10kmt på flate vegen. Kom omsider til Ørnes og hadde 1 1/2 time til ferga gjekk. Ferja låg der so vi spurte mannskapet om me kunne få gå ombord. Og de fekk me. Utrule godt å få komme ombord for frosne syklistar. Fekk etter kvert kjøpt oss baguett og skulebolle. Sko overtrekka våre er blitt slitt so me var supp blaute på føtne. Har brødposar i sekken so da va å få på seg tørt og dra på seg brødposar. Fungerte fint da. Må få kjøpt oss nokre nye trekk, sjølv om brødposar er eit billigare alternativ ;)
Da blei 3 ferger på oss i dag. Ørnes - vassdalsvik, Forøy - Ågskardet og Jektvik- Kilboghamn. Ferga frå Jektvik skulle gå 16. 30 men på grunn av tekniske problem gjekk den ikkje før 18. 30. Utrule kjedelig. Hadde sett fram til å komma litt tidlig fram for å hente seg mest mulig innat til neste etappe. Ferga tok ein time so ca 20.00 sjekka vi inn på Polar camping i Øresvik.
Det er ein litt spesiell eim i hyttene våre om kvelden. Med våte og sveitte kler so får ein berre være glad ein ikkje får besøk. Men me sovnar fort om kvelden da ;)
Dagens 3 retters meny: Lompe - pølse - moltesylte med kaffi. Moltene er plukka som kart i Vesterålen og har lege til modning i lag med skitne kle og sure sokkar. Å du verden kor gode dei va ;) Kjemme vel likavel ikkje til å bli noko vane å laga dei på denne måten. Har ikkje teke so mange bilder i dag. Skal væra so ærleg å sei at me har hatt ein hard dag og bildetaking har vorte nedprioritert. Mange fine plassar i dag og, men blir ikkje den heilt store opplevelsen i slikt vær. Ligge vel ein dag etter oppsat plan og kan bli både ein og to dagar til seine, men har fortsatt trua;)
Dagens tall :
Distanse: 123 km
Tid : 7t 50 min
Middelhastigheit : 15,66
- comments
Monica Husk å ikkje stresse!! De må ikkje slite dokke heilt ut, for det er ferie no altso.. Du Jarle må gje ut denne bloggen i bok-form, for du er ein utruleg god forteljar. Ser all galskapen framfor meg når eg les. Her i Sverige har eg fått pensilinkur for lungebetendelse. Det var det eg visste som plaga med sidan 1.juni... go tur vidare, snart kjem de lenger sør, nærare Spania(fint ver)
Arne Hei igjen, ja me har nok finare vêr pao Hafslo. Nett padla motto tur pao eit blikk stille Hafslo vatten. Supert. Kjekt å fylgja med pao turen dykkar. God tur vidare, detta gaor bra. Jane og eg jobbar pao Hestnes, maling og terasse bygging hos Sindre og Jeanett. Ikkje adle so kan sitja pao ein sykkel å kosa seg heile dagane. Ps. Fint at de fekk sjao bilparken til politiet
Leidulf Ja no er det ferie på oss også. kjøyrer til Valle i dag, har vor oppe med dei siste innlegga dikka til dei gamle. De får ikkje slita dikka heilt ut, må heller ta ein dag lenger.her er flott i dag også,sol fra lettskya himmel..God tur vidare.
Christianne No sit me i strålande ver på Vikji og nyt sommaren! Men synst synd i dikka so ha hatt so dårleg ver og harde dagar, de får krumma nakken og stao pao vidare! I går var eg på Hestenes i godt lag å drakk vin til soloppgang, eg synst da må vera ein ferie å foretrekka framfor motvind og sår bakende ;) Siverten slenger suss
Jarle/ Norunn Kjempeflott at det blir lagt igjen komentara når de er innpå her. Monica : Stressa ikkje. Slite nok oss litt ut, men merkele nok so neste morning so er me klar igjen. God bedring. Eg og visste at du hadde lungebetendelse. Sa da til Norunn for fleire dagar sidan ( heilt sant ) Arne : Finare vær i dag heldigvis, men må nok rekna med litt av kvert. Berre me slepp vinden so er me fornøyde. Ææææ terassebygging du. Ja han står vel ei stund. Må helsa gjengen din. Leidulf : Snart kviledag i Trondheim. Ser fram til da. God ferie og helsa so masse til dei på Valle. CK : Ska ikkje tykkja synd i oss. E da noke nytt de er begjynte me foresten? Me staor pao vidare. Sivert får ein sleke dare suss tilbake. Mao no ikkje væra altfor mykje inni i viki med han no dao ;)
Ove Hundershagen Stao pao Jarle og Norunn!Følgje med pao dikka.Ikkje fao gnagsaor i røvi!!
Jarle/ Norunn Hei Ove. Kjekt du følge med oss. Gnagsår både her og der;)