Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 1. HONNINGSVÅG - OLDERFJORD 2 JULI.
Første ordentlige etappen vår. Kom oss ikkje frå Honningsvåg før klokka var 0945. Fekk oss ein kjempegod frukost på ungdomsherberge. Før vi kom oss avgarde blei vi ståande ei lang stund å prate med Birger frå Drammen. Han var ute i samme ærend som oss. Denna karen trefte vi på fleire ganger denna dagen. Når vi rasta for han forbi oss og omvendt. 4 tunnelar på oss i dag. Nordkapp tunnelen blei dagens første prøvelse. Med 10% helling går de greit ned, men tungt opp igjen. Vi brukte 5 min ned og 35 min opp att. Ellers so har dagen i dag vore mykje inn i ei bukt ut at ei bukt. Nedoverbakke, bortover, oppover, nedover, bortover, oppover. Må væra tidligare tivoliarbeidarar so ha laga desse vegane her. Skarvbergtunnelen var eit kapittel for seg. Den begjynner med ein sving + innsnevring i tunnelmunningen. Å dekke var holete å fælt. Med landevegs sykkel å smale dekk var ikkje dette den artigaste biten å sykle, men da gjekk greit. Fint vær har vi hatt i dag og, men har slete med motvind. På flata trakka vi det vi kunne å kom ikkje opp i meir enn 12 km . So vi har brukt ganske lang tid på etappen, men som tidligare nevnt so e da tross alt ferie vi er på, ikkje noko ekspedisjon. Å so e da jo brukbar trening da med motvind ;) Vi trilla inn på Olderfjord campiing klokka 1650. Klokka 18 kom Birger frå Drammen å campa der han og. Hadde oss ein lengre prat med han og ei jenta frå Jørpeland som kom frå Lindesnes og skulle nordover. Ho hadde vore innom Sogn på sin tur nordover. Kom over Vikafjellet som ho tykte va kjempefint. Ho hadde og sykla Fjærlandstunnelen, som ikkje er lov. Må sei ein treffe mange kjekke folk på ein slik tur. Å stoppe å helsa på, å prate med andre syklista er nok noko vi kjem til å gjere mange ganger på denne turen.
Før vi reiste snakka vi om at me må væra flinke til å tøyge ut etter kver etappe. So det brukar vi ein 15 min på. Ein kan fort bli stiv og støl. Oppdaga i dag at vi sat litt annspent i skuldrane når vi sykla. Plutseleg var skuldrane kommen over øyrene, å det er ikkje bra. For da første får du stive skuldra, og for da andra høyrer ein so mykje dårligare når skuldrane kjem framfor øyredn :))
TAKK FOR HELSINGAR.
Dagens tall:
Distanse 100km
Tid: 5t 58 min
Middelhastigheit: 16,51
- comments
Arne Hei pao deko. Kjekt å fylgja med. God start med so godt vêr. Mykje vakker natur i vente, ikkje minst over Kvænangsfjellet. Ha ein fin tur til Alta. Det bør få deko ein tur opp til Alta elva, elvebåt i Sorrisnevi. Eg skal no sykla i Hafslo regnet.
Leidulf Snakka de med fremmande folk???Huff,Huff. Her er regn og skodde i gjen i dag.God reise vidare.
herman bremer Spennande blogg!Du får ta eit par kast i Altaelva! herman
Janne Sikkert godt å endeleg komma i gang! Åsso kom tydeleg vis sykklane fort fram. ;) God tur vidare....
monica her er ei dame i Bodø, frå Årdal i Sogn som det var oppslag om iavisa igår. Ho sykla også frå Nordkapp til Lindesnes. De tar ho sikkert igjen! forsatt god tur. Bruk god tid og tenk ferie som du sa...
May-Hilde Kjek å lese om turen. Ja, de må hugs på at de er på ferie, og den trur eg blir kanonbra !! Sei til Norun at ho ikkje må snakke med fremmande menn - det er barnelærdom :-) God tur vidare - de er spreke !
Kristen Køyr forsiktig, god tur vidare! PS: Husk og ta vare på kona
Jarle/ Norunn Hei. Arne: Rekk nok ikkje noko båttur Arne sjølv om da hadde vore kjekt. Leidulf : Ja modige når me vekke. Takk.. Hermann : Får overlate laksefiske til folk som har greie på da. Veit om ein par mann i nistevegen so e goe på da. Janne : Ja syklane kom fram. Da va vel da me va mest nervøs for ;) Takk. Monica : Me har kontakt med Anne Grethe frå Årdal. Tøffe dama som sykla åleine. Me tek ho garantert ikkje igjenn. Tenke ferie ja, men skulle nok hatt ei veka ferie til for dan heilt ultimate opplevelsen. For ta den når me bli gamle;) May Hilde :) Veit ikkje kå mykje barnlærdom ho ha fått me seg eg. Men prata gjere ho. Og me fremmande ;) ( Ska sei da til ho :) Kristen : Kjøyra?? ;) Me ska sykla pent ja. Ta vare på ho og ?? Uff bli so mykje å passa på :))