Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 14 KILBOGHAMN - KVITNES CAMPING 15 JULI.
SOL OG FINT I DAG.
Etter gårsdagens strabaser med dårlig vær var det fantastisk å vakna til sol frå skyfri himmel.
I dag blei da avreise 07.30. Begjynte med klatring rett etter campingen. Når ein ser på bilda så ser ein utsikten som me fekk når me kom opp. So bar det mot Stokkvågen. Frå stokkvågen går det hurtig båt til Nesna, men syklar ein Norge på langs so gjer ein det ordentlig. So vi la i veg dei 60km ekstra inn Sjonafjorden og over Sjonfjellet. Det gjekk tungt opp mot toppen. Kan vel best samanlignast med frå Solvorn og på Hafslo ganger 2. Høyrest kansje ikkje so gale ut, men når ein har 1200 kilometer frå før i beina so merkast da godt. Kom so til Nesna kor me mista ferja med 1 minutt. Gjorde ingen ting da i dag i fina været. Og so va da berre 50 min til neste gjekk. Brukte tida til å få i oss litt mat og handle litt mat. Pålegget frå Bodø hotel har me ete opp ;) Foresten so var sukkeret som me brukte i moltesylta sponsa av forskjellige bensinstasjonar langs med vegen :) På Nesna snakka Norunn med ei dama frå Mosambiq som var innflyttar ( selfølgelig ;) Og budde i området. Norunn spurte om terenget på den andre sida av fjorden. Flatt og fint sa ho. No veit ikkje me ka dei meinar me flatt i Mosambiq, men jøsses her va kupert.Haug å hole. Fint med nedover, men so skal ein jo opp på haugen igjen og. Me har ikkje bestilt noko overnatting so me må ta det som byr seg. I dag var me heldige. Me hadde 40 km igjen til Mosjøen og var egentle lite lystne på da. Kom til Kvitnes camping kor me fekk den nest siste hytta. Kjempefin camping og flott hytte med utsyn til dei sju søstre. Hvis me ikkje finn noko overnatting ein anna dag kan me jo altids ta ei gammal løa som står langs vegen. Kan jo hoppa litt i høyet itte gammalt;) Fekk med oss at Hushovd tok etappeseier i dag. Jammen e han flinke å sykla han og.
Dagens 3 retters : Betasuppe - Brød og vatn.
Dagens tall:
Distanse : 120km
Tid : 7t 20 min
Middelhastigheit : 16,34
- comments
Mari Anne og Per Hei på dere fra oss i Dolomittene! Kjempeartig å følge turen deres - smått utrolig at dere orker.. God tur videre sørover, håper været er snilt! PS. Per: Røvi OK?
Jarle/ Norunn Hei Per og Mari Anne. Gratulera med vel overstått dag. Kjempekjekt att de følge oss. Været har vore bra snilt med oss sista dagane. Per : Å sei att røvi er heilt ok er vel å ta litt i, men ikkje so hakkande gale. Kos dikka i dolomittene