Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 15 KVITNES CAMPING - MAJAVATN 16 JULI.
FORBI MOSJØEN I DAG MIDT I LANDET
Første 40km i dag gjekk lett. Litt småkupert, men stort sett flatt. Me kom til Mosjøen ca 0830 ( tidlig oppe ) Frukost nr 2 der på Essoen. Kaffi, pølse med brød og kokosbolle. Ikkje so værst kost da om morgonen.Mosjøen er nokolunde midt i landet so da skulle vell me og væra nokolunde halveges. Me har no sykla litt meir i Nord so me har kortare igjen enn de me har sykla. ( trur me ) Kom oss i veg frå Mosjøen etter ein halv times stopp. Etter nye ca 40km kom me til Trofors der neste matøkt var. Kjøpte oss pølse og pommes frites. Må seiast att menyen i dag ikkje er slik kvar dag. Da går mykje i brødmat og pålegg. Favoritten er brød med nugatti og banan opp igjen på. Med kaffi so smakar det fantastisk ;) Byrjar å kjenne da litt! i knærne so me ser fram til ein kviledag i Trondheim. På Mandag hvis me greier da. Da betyr att mot Trondheim blir dei 2 lengste etappane hittil. Norunn fekk seg foresten flagg i dag. Låg i vegkanten inn mot Mosjøen. So no har ho eit mykje større og flottare flagg enn reiseleiaren. I dag so tok me inn på fjellhytta på Majavatn. Fekk ei grei hytta dar. Dei hadde nokre hundar i tunet som sto å gøydde heile kvelden. Me var på nippet til å be om å få pengane tilbake for hytta og sykle vidare. Til slutt tok dei no inn dessa gneldrebikkjene so me fekk sova. Anbefaler IKKJE den overnattingsplassen til nokon. Me reiste frå hytta lika dreti (+ litt til) som ho var når me kom. Etter kvert kjekt å sjå at det er skilta Trondheim. Føler me er på veg heim.
De må for all del legge att komentara når de er inne å les. Me er trøytte å treng støtte ;)
Dagens tall :
Distanse : 129km
Tid : 7t 17 min
Middelhastigheit : 16,99
- comments
Leidulf Hei. Kjekt å høyra fr dikka igjen,no nermar det seg natta her på ValleSkjønar att de er trøytte, men håpar att det ikkje fristar til å avslutta før målet er nådd.No må de ta da med ro i Trondheimså kreftene kjem att.her har regna og blese i heile dag,har omtrent ikkje vore ut for døra.God tur frå alle oss for tida på Valle.
Monica Eg synest de er flinke. eg har i allefall tru på at de greier å gjennomføre med glans!!! Her i Sverige er det regn og vi set turen vestover i morgen, skal på onsdag, men har ikkje mykje tru på det når eg kjenner på formen og høyrer på hosten min. 3 veker ferie og sjuk kvar einaste dag... pesar berre eg skal subbe meg bort på saniteranlegget.. Eller lite nytt, Adrienn elskar å krangle med meg, like mykje som alt anna ho seier ho elskar...og det er ikkje lite for tida...Øksnes har ringt til meg og vil ha Einar ned på Lifjord og ordne opp etter lekkasjen frå påleggsdisken i dagrommet...Såg Oddbjørn Veka på svenskehandel. Nei, veit ikkje ka eg kan fortelje...men det er et høgdepunkt kvar dag og få lese om sykkelturen.Eg hadde hatt bruk for Norunn akkurat no, mykje å snakke om, men det tar vi igjen i august..klem frå Harry-sogningane!!
Frid Svardahl Alltid like kjekt å lese bloggen dokkar,kjekt å følge med på turen,Og du skriv no so rett fra hjarte og Jarle så eg ler både titt og ofte, Ellers så har vi rimeligt bra veir for tida, litt regn idag,mn varmt. Har til og med vert på gudstjeneste idag. Ei slik frilufts-preik som då blei lagt til kapellet fordi presten ikkje var vanntett ;-)) Traff på skjønne kristian-guten oppå butikken på fredag og,han ville ha penger for han hadde glomt dei att på Støylen,mn onkel Oddleiv kom som en reddende engel (eg hadde berre kort og d tok ikkje han he he) Du må helse så masse til Norunn og kose dokke vidare.Gleder meg til neste kapittel.....
Arne Hei igjen. Detta gaor bra. Berre å stao pao no. Sikkart godt med kviledag, men de kunne no ha valt ei meir spennande ruta enn E6 frao Trondheim og sørover! God tur, eg er heilt sikkar pao at det gaor bra å nao målet.
Jarle/ Norunn HEI ALLE. ME ER OPPEGÅANDE ELLER SYKLANDE HEITER DA VEL. Leidulf : Kan no henda da frista litt, men so lenge me slepp skader eller uhell av noko slag so skal me ned. Monica : Bra du har trua på oss. Får håpa du blir frisk igjen snart. Ikkje noko kjekt å gå slik spesielt ikkje når ein er på ferie. God tur heim og god bedring. Klem frå syklistane. Arne : Godt med kviledag ja. Me har snakka om å ta anna ruta. Hadde lyst å ta resten av kystriksvegen å vestlandet, men tida strekk ikkje til. Sør for Trondheim har me jo og våre alle plassar. Prioriteten vår på denne turen har vore Nord Norge. Idielt sett so skulle me hatt ei veka til, men da hadde nok heimlengselen blitt stor. Uansett e da kun 2 dagar på sykkelen sør for Trondheim, so skal me av E6 igjen. E ikkje so gale da da.