Profile
Blog
Photos
Videos
PASERTE I DAG 2000KM MED GOD MARGIN
I DAG SKULLE DOVREFJELL BESTIGAST
NYTT FYLKE I DAG: OPPLAND
Me reiste grytidlig i dag. Klokka var ikkje meir enn 05.15 når me forlet Smegarden camping. Dette for å unngå den værste trafikken på E6 mot Dombås.Kan ikkje sei anna enn at me gleda oss til å sjå skiltet kor det sto Hjerkin på. Høgste punktet på Dovrefjell. Stigninga var ikkje so galen dan. Jevn og fin stigning opp til det høgste punktet på 1026 moh. Når ein har drive og trakka bakkar og fjell i Finnmark og Troms blir oppstigninga til Hjerkin berra blåbær i forhold.
Første pit stop i dag blei på Hjerkin. Bananer og kvikk lunch glei ned på høgkant. Til liks med brød so har me altid, ALTID bananer i veskene. Mens me sykla kom da ein mann spaserande med stokk og ryggsekk. Nyskjerrige som me er stoppa me og slo av ein prat. Han var frå Tyskland. Han skulle gå pilgrimsleia. Hadde starta på Hamar og skulle gå til Trondheim. Skulle væra framkomen 29 Juli. Og me som trudde att me var galne. Trur ikkje me hadde gått frå Hamar til Trondheim!! Etter ein triveleg prat sykla me vidare til Dombås.
På Dombås blei da kjøttsuppe og bolle + kaffi og ny bolle. Me er egentle gruele flinke å eta, men e no da me ha trena mest på og ;) Vidare mot Otta kor me såg eit skilt med Sogndal, 197km. So nærma, men likavel so langt heimanfrå.
På Otta traff me Ove Fredheim. Han skulle til Lillehammer. Jarle og Ove har spela fotball saman i ein mannsalder. Både på Hafslo og Bjørn. Ove skulle til Lillehammer og hoppa i lysgårdsbakkane i lag med son. Hadde ein lang prat med Ove. Kjekt å treffa på sambygdingar igjen.
På Otta fekk syklane sårt tiltrengt stell. avfetting, vask og smurt opp att. Når me sykla vidare var me nett nedom skraphandlaren som var med i eit Ylvis program på tv. Han høyrde so utruleg dårleg att det blei ikkje lange praten. Me har i dag Hytte på Heggerud gård på Harpefoss.
Har ikkje so mykje å skrive om, bildetakinga er og so som so, men får no prøva å få til noko lite kvar dag både med bilde og skriving.
No har me hatt fint vær i mange dagar på rad, men no ser det ut som da er slutt på da. Ikkje særleg oppløftande meldingar. Er ikkje so mykje å gjera me da. Skal takla da og sjølv om me som alle andre helst skulle hatt sol.
Dagens 4!! retters meny: Gryterett, potetstappe, øl/ cider og uhorvelege mengder smågodt til desert ;)
Dagens tall
Distanse : 160km
Tid : 8t 34m
Middelhastigheit : 18,63
- comments