Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 8. STEINFJORDEN - STAVE (ANDØYA ) 9 JULI.
I dag var de ein fin økning i antal varmegrader. Sykla med korterma og kortbukse fra morgonen av for første gang på turen. Får håpa da blir fleire. Me kom oss frå Steinfjorden ca 08. Dermed skulle vi ha god tid på dei 50 kilometrane til ferga som gjekk klokka 11. Var litt meir bakkar enn da me hadde rekna me. Og de at me stoppar ofte og tar bilder gjer sitt til at me gløymer oss vekk. Er jo so mange fine plassar at ein har lyst til å ta bilder heile tida. I dag so gjorde de til at vi mista ferga med 10 min. Å dette er ei sommerferge med få avganga. Neste var ikkje før om 4 timar. Når de er fint vær og ein er på sykkeltur gjer de absolutt ingenting.Vi storkosa oss i Gryllefjord i solsteiken og 25+. Gjekk på kafe og åt fiskeburger (hyse) og fiskesuppe (kveite) med tilbehør. Kjempegod mat og softis til desert. kom oss med ferga Løddingen kl 15. Ein kjempefin overfart på 1 time og 45 minutt.. Nytta høvet til ein liten dupp. Norunn snakka med mannsapet å spurte kor de var finast å sykle på Andøya. Dei sa de var absolutt finast å sykle på yttersia av øya. Me tok den vegen når me kom i land. Da va tungt å komma i gang igjen etter nesten 6 tima uten sykling. Etter ein halvtime begjynte no føtene å virke att. Da var fint å sykle på Andøya, paddeflatt å go asfalt. (Foreløbig har vi sykla berre halvparten av øya) På grunn av at vi mista ei ferge blei da ein kort etappe i dag. Vi tok inn på Stave camping ca klokka 18 30. Gjorde ikkje so mykje anna enn å slappe av og åt før vi la oss.
Til Kristian... Hei deg go gutt. Gratulera so mykje me 3 års dagen din. Skulle so gjerne vært der Kristian, men me skal nok gjere stor stas på deg seinare. Helsing mommo og bestefar.
Til Sivert.. Lyt få ei helsing du og sjølv om du ikkje har bursdag. No må du passe godt på mammen og pappen din mens me er vekke. Helsing mommo og kokko.
Dagens tall :
Distanse : 72km
Tid : 4t 32 min
Middelhastigheit : 15,71
- comments
Stine-Iren Kristian seier tusen takk:) Blir feiring i måro sidan da berre er oss idag Klem fra oss
Jarle / Norunn Flott da. Kos dikka. Klem