Profile
Blog
Photos
Videos
Til tross for det som har skjedd i Oslo og på Utøya vil me skriva nokre ord for kvar dag. Dette fordi dette skal være minneboka vår frå denne turen.
Me fekk med oss pressekonferansen til Stoltenberg og Storberget med ein stor klump i halsen og ei tåra i augnekroken før me forlet hotelrommet vårt på Gjøvik.
Det var ikkje noko kjekt å ta fatt på dagens etappe. Ein merka da på kroppen at den var i ulage. Ein blir rett og slett fysisk dårlig når sånne ting skjer. Alle plassar me sykla forbi i dag so vart det flagga på halv stang på offentlege bygg og nokre privathus. Ein gjer seg mange tankar ein slik dag.
Me hadde voldsomt skiftande vær i dag. Først regn so strålande vær med sol for så å oppleva lyn og torden og øs pøs regn. Hadde ein punktering rett før Lygna. Stoppa på Lygna og åt lunch før me trakka vidare. Etter punkteringen so var me gått tom for slangar og me Søndag neste dag måtte me få tak i reserve slange. Me rakk G sport på Lunner med 10 min margin. Blei ein relativt kort etappe i dag. Me gjekk tom både på den eine å andre måten. Har tatt inn på hotel på Hønefoss.
Dagens tall
Distanse : 108km
Tid : 6t 43m
Middelhasigheit : 15,66km
- comments
Monica trur vi alle er ganske tappa idag. Uverkleg. Har hatt meg ein tur med ferja idag Norunn! Besøkte Morten og Villy, godt med litt miljø-skifte. fin kveld i Lavik uten nedbør og med god temperatur, hadde passa med eit glas vin, men piller og alkohol...God tur vidare i morgen!
Arne Hei, ja alle merkar denne nasjonale tragedien, det er nesten so ein vert fysisk dårleg. Me har hatt familiehelg på Oset hotell,vart litt spesielt med da so har skjedd. Svært mykje tlf og henvendelser, men det vart trass alt ei god helg. God tur vidare, no er målet i sikte. Godt jobba
Jarle/ Norunn Monica: Du får greia deg med berre piller. Fortsatt god bedring og takk for at du følge med. Arne: Bra de fekk ei kjekk helg på Oset trass alt. Takk for at de følge oss. Me treinge da no. Me begjynnar å merka kilometrane . Handlar kun om å komme seg ned no, Ikkje so mykje opplevingar so me har hatt tidligare. Litt på grunn av været og. Me har da fortsatt kjekt og er ved godt mot ;)