Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 2. OLDERFJORD - ALTA 3 JULI
Me kom oss frå Olderfjord 0910. Første delen av turen var tung. Første 10km var berre bratt oppover. Dei neste 15 km var slakt oppover. Men etter kvert kom me oss no til Skaidi. For fyrste gong på turen kom statoil koppen til sin rett. Caffe latte og pølse med brød smakte heilt fortreffeleg. Me har vorte enige om at vi ikkje syklar lengre strekningar enn mellom 20 og 30 km før me ete. E ikkje altid like lett å få i seg mat. Må so regel true i oss nokre brødblingsar. Favorittpålegget e nugatti med banan opp igjen på. Eit sterkt undervurdert pålegg Sykla lenge langs med elva Goahtemuorjohka ( kan læra dikka uttalen når me kjem heim ) Fortsatte over Reppafjordfjellet i duskregn. Vidare til Sennalandet der vi verkeleg fekk slita i dag.Vind litt på skrå forfra blei heftige greier. Med 12 kg oppakning på kver og smale dekk hadde vi meir enn nok med å holde oss på vegen. I dei slake nedoverbakkane kor vi vanligvis kan cruise i 40km gjekk de i 10. Fann ut at det var best å klikke seg av pedalane i tillfelle velt. Da gjekk bra, men du verden kor lang tid vi brukte over Sennalandet. So ein ting om vegen. Han som har stukke den kan UMULIG ha vore syklist. Har sikkert ikkje vore edru heller. På flate sennalandet gjekk det oppover og oppover. På veg nedover mot rafsbotn klarna de opp. Siste 20 km gjekk som ein leik i strålande vær.
Me skulle sjekke inn på Altafjord hotel. Me ville prøve å få oss eit so fint rom so mulig. Hvis det var ein mannlig resepsjonist skulle Norunn prøve å sjarmere han, å skaffe oss eit fint rom. Hvis de var ei dama skulle Jarle prøve. Da va ei dama. ME FEKK EIT FINT ROM
I morgo byrja fyrste feriedagen vår!! Då e da meiningen å sykle 120km.
Uten motvind, med god vilje og dårle hukommelse skal da nok gå bra.
Dagens tall:
Distanse : 113km
Tid : 7 tima 5 min
Middelhastigheit : 16.02
- comments
Kari J og Malfred De er spreke som legg ut på denne turen, fint å følgja med på bloggen dykk, då me køyrde same turen i fjor sommar,. Stå på og GOD TUR vidare til dykk begge.
Monica Artig å lese. Trur Norunn kunne skaffa eit superfint rom hadde ho fått tjangsen...den kjem vel seinare..
Kari Lomheim Kjempemoro å lesa. Sprekingar ! God tur vidare og nyt livet:)
Kristen Leiter etter "sykkelturen minutt for minutt" på fjernsynet, men finn det ikkje. Kor tid kjem det?
Leidulf Ein liten avsporing: NEC kr. 1.00 Sol og fint.
Jarle/ Norunn Kari j og Malfred : Me e ivertfall i ferd me å bli spreke. Å takk Monica : Ho får kansje sjangsen i Tromsø. Får sjå kem so står i resepsjon :) Kari : Kjekt å høyra. Tusen takk. Kristen : Trur minutt for minutt hadde vorte kjedelig. Dag for dag kansje.. Leidulf : Likte dan avsporingen. Får selja da, so ha me til resten av turen..