Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 11. STORFJORDEN - BODØ 13 JULI.
Vokna til gråvær i dag og, men det er no ikkje so mykje me kan gjera noko me. Ein kan no ikkje berra rekna med finvær på vel 3 veker. Meldingane er ikkje dei beste heller. Berre me slepp vind so er me fornøyd. Me pakka og kom oss avgarde ca 0800. Når de gjeld pakking so er me blitt gode på da. Er jo ikkje so mykje ein har med seg, men greit å veta kor ein har alt til ei kvar tid. Har pakka i forskjellige plastposar som ein har i pakkveskene. Sykkel kle i ein pose, sivil kle i ein, ein mat pose, ein pose med verktøy, slangar og dekk. Pc og ladara i ein. Statoil koppen og regnkle ligg altid øverst. Veldig greit å ha system.
Hadde litt klatring dei 2 første kilometrane. Sia so va da lett kupert terreng resten av dagen. Hadde ikkje bestemt oss før me for i dag ka me skulle gjera. Om me skulle ta eit døger til i Lofoten eller om me skulle ta ferga over til Bodø. Kan ikkje ha planar på alt.
Traff eit følge med Franske turista i dag. Dei hadde buss med hengar. I hengaren hadde dei syklane sine. Tydlegvis so kjøyrde dei litt, so sykla dei litt. Prøvde å snakka litt med dei, men dei var no sure att det gav me opp. Skulle me ha vore lika sure so dei når me er på ferie trur eg me hadde holdt oss heima. Desse var unntaket. Ellers so treffe me utruleg mange kjekke syklista som me sler av ein prat me før me syklar vidare. Dei fleste er utlendinga, men og nokre Norske. Første pausen i dag blei på Flakstad. Stoppa der og kjøpte oss vafler og kaffi hjå ei kosleg dama.Neste matstopp blei på Sakrisøy kor me kjøpte oss fiskekaker og peparmakrell.Hvis ein skal tilbake hit ein gong må det bli rorbuer på Reine eller Sakrisøy.
Undervegs på turen i dag fann me ut at sia været ikkje var de aller beste so satsa me på å komma oss over til Bodø. Angra kansje litt på da når me kom til ferjekaia for då kom sola. Sykla inn på kaien då høyrde me på klingande sognamål, de er jammen spreke. Det var Kari Hilde skjæret som var på ferie med mannen Louis Anda. Hadde oss ein lengre samtale med dei på ferja. Fekk nokre Sogns avis av dei og. Godt å få litt lesestoff heimanfrå. Ferjeoverfarten på 3 timar blei ellers nytta til soving og opprydding i bildematrialet vårt. Til dei som trur at me "juksar" ;) når me tek ferge so kan me sei att dette er kansje den mest nytta ruta for dei som syklar Norge på langs. Kortaste vegen frå Nord til sør er på 2516km. Greier me å komma ned har vi nokre km lenger.
I dag so fekk vi oss eit rom på Bodø hotell. Etterpå so gjekk vi ut og fekk oss ein bedre middag på Big Horn.
Kort etappe i dag, men i dag var so mykje fint å sjå at det blei stopp å bildetaking i eitt. Blir ikkje so mange km av slikt, men ligg ganske bra an i forhold til skjema. Passerte 1000km i dag. SO DA BADLA NO PAO SEG.
Dagens tall:
Distanse: 71km
Tid: 4,25
Middelhastigheit: 16,05
- comments