Profile
Blog
Photos
Videos
No var dagen komt. Me skulle ta fatt på dei siste kilometrane på eventyret vårt. Me sykla roleg ut mot Lindesnes. Det var litt tåkete til å begjynne med, men etterkvert so forsvann tåka og me skulle få ein lika fin avslutning av turen som me hadde i starten. Sol frå skyfri himmel.
Kan vel ikkje sei anna enn at klumpen i halsen var stor etter kvart som me nærma oss fyret. So var me endeleg framme. Litt vemodigt og, plutseleg so var sykkelturen over, men kjente det vel sopass i beina at det var greit og. Måtte nok hatt eit par fridaga hvis me no skulle sykla meir.
Lindesnes fyr på Norges sydspiss er Norges eldste fyr frå 1656. Fekk tatt bilder og hadde oss ein times tid med fyrvokter Rolf Dybvik. Han tok bilder av oss som dei skulle ha til heimesida til Lindesnes fyr. Skreiv oss og inn i boka som alle som har fullført Norge på langs skriv seg inn i. Fyrvoktaren var ein kjekk mann som tok seg god tid til oss i ein hektisk kverdag. Me fekk rusla litt rundt på området og sett oss om. Hadde oss og ein kjekke matpause med champagne og skjeva med Nugatti ;)
Me koste oss dei 2 timane me hadde ute på fyret. Måtte ta bussen 11.30 for den neste gjekk ikkje før i 17 tida. No var da buss som gjaldt resten av dagen. Me snakka om da at me trur me alder hadde gledd oss so mykje til å kjøyre buss som i dag ;) Me hadde ein knøttliten buss frå Lindesnes. Der var det plass til oss to, syklane (måtte ha dei inne i bussen) ein familie på 6 og eit svært kaninbur. Norunn sat framme og prata med sjåføren. Sikkert betryggande for dei andre pasasjerane å sjå at makkeren til sjåføren sat med hjelm på
Me har treft utruleg mange kjekke folk på turen vår. Det starta ofte med at dei spurte om me hadde sykla langt og so var praten i gang. Spesielt andre syklista har me prata mykje med. Og syklist helsar på syklist. Spesielt dei dagane kor det er fint vær har det vært lett å komma i kontakt med folk.
Me har hatt mange kjekke opplevingar. Naturopplevingar ikkje minst. Der Senja, Andøya, Vesterålen og Lofoten har vært dei største høgdepunkta. Då hadde me og jevnt over fint vær. Har no fått god tid til å sett oss om og veit akkurat ka plassar me vil tilbake til. For tilbake til Nord Norge skal me, med bil og kansje syklar bakpå og kajakk på taket. Sørlandet har me og fått sett i fint vær. Fine plassar dar og, kor ein kan tenke seg tilbake til.
Me har ikkje gløymt regnværsdagar, motvind og punkteringar. Når det regnar og bles motvind og heller ikkje tempraturen er den beste so har me hatt nokon få tøffe dagar, men slikt blir gode minner av da og. Og godværsdagar er det me har hatt mest av.
Alt i alt ein fantastisk tur so me ikkje kunne vært foruten. Mest sansynlig er dette noko som ein gjer berre ein gong, men ein kan aldri væra sikker. Det er nokon som har spurt oss om ka da neste prosjektet blir. Har ingen planar, men skal nok sykle Norge på tvers ein gang, det er da ikkje so mange som gjer. Da gjer ein kor Norge er på da breiaste.
Litt skryt om oss sjølve :)
Jarle : For 1 år og 5 månader sidan låg denna karen på Lærdal med nyinnsatt hofteprotese til 70000 ( ein verdistigning dar altso ;) - For 1 år og 3 månader sidan kasta han krykkene og oppatt treninga kunne begjynne. - I Desember var Jarle so dårlig i ryggen at han knapt greidde å gå over stovegolvet. Da blei flybilettane til Honningsvåg kjøpt. Måtte prøva å ha noko å sjå fram imot. - Kom seg gradvis utover vinteren og fekk trent ein del. Sykla Bergen - Voss i Juni. Har no fullført Norge på langs....
Norunn: - Kjem frå ei øy med 6km med veg. - Begjynte å sykla for 4 år sidan på ein off road sykkel. - Kjøpte seg racer i 2009. - Sykla Bergen - Voss i 2010 og 11 - Sykla Trondheim - Oslo 2010. Spreke dama som no har fullført Nordkapp - Lindesnes.
Heilt til slutt.... No e da slik at detta er ikkje noko kjempebragd. Mange som gjer detta, men ME HAR GJORT DA OG. Veit de er mange som har fulgt oss. Nokon har komentert nokon ikkje. Uansett TUSEN TAKK.
Me tek av oss hjelmane neiar og bukkar og takkar for turen.
NORUNN OG JARLE HAR SOMMAREN 2011 SYKLA VAKRE NORGE PÅ LANGS OG ER STOLT AV DA.....
Dagens tall
Distanse : 41km
Tid : 2t 46 m
Middelhastigheit : 15,10km
Ps.. Neste år blir det ferie med barn og barnebarn
- comments
Arne Hei igjen, vell gjennomført. Eg er no i alle fall litt imponert over deko, meget bra gjennomført. Vel møtt til padletur pao Hafslo vatnet ein dag i nær framtid, Jarle. Litt overraska over at de ikkje " visste" at det er ulovleg å sykla pao motorveg! Lite motorvegar pao Skjervo........
Jarle/ Norunn Hei Arne.. Takk før da. E nok litt imponert sjølv og. Padletur må bli, men no e da ein del å ta tak i heima. Visste nok om motorvegen, men kjekt å prøva noko nytt ;) Takk for følge til dikka.
Anne-Grethe Solheimslid Gratulera med vel gjennomført bragd :-) Er det ikkje lov å sykle på motorvegar altså??? Hehe. Eg forstår godt at de fall for den fristelsen. Det er nok fleire som har vore inne på tanken mange gangar, men som er litt for pysete... :-) Ha ein fortsatt fin sommar begge to.
[email protected] Hei Anne Grethe... Gratulera til deg og. Og fortsatt god sommar. Me må treffast ein dag å pratast. Norunn jobbar på ferja mellom Mannheller og Fodnes. So du får berre prate til ho når du fer over fjorden. HÆÆ har du ikkje sykla motorvegen?? PYSA :))))
Gro Anita Kvam heisann! Gratulera med vel gjennomført:) eg er so imponert over ke de har gjort. har hatt stor glede av å lese dagsrapporten du har lagt ut på nett:)))) gleda meg til å høyre meir.
Anne-Grethe Solheimslid Ja det hadde vore kjekt å møttes. Kva for ei av ferjene er det ho jobbar på da? Mellomnavnet mitt er Pysa ja ;-)
Jarle/ Norunn Gro Anita : Takk før da. Fint du likte bloggen.. Pysa :) Ho jobbar på begge fergene. Sei ifra hvis du er i nerheiten av Hafslo/ Sogndal so tek me ein prat..
Monica Gratulerer frå ytre Sogn også!! Trudde Norunn var så lei av hjelm at ho tok den av når de kom på bussen, men ho hadde kanskje ein dårleg hår-dag.... eg bukker meg i støvet for dokke begge, trudde kanskje at ryggen din Jarle var den som ville stoppe dokke men krut skal krut fordrive... flott tur for meg også, på langs og mykje godt lesestoff. De er dei nye superheltane mine!!! forsatt god sommar!
Monica det heiter vel "bøyer" trur eg er ein racer på ordtak....
Jarle/ Norunn Hei Monica.. Ordtak e nok ikkje di sterkaste sida;) Med ondt skal ondt fordrives trur eg e noko som heiter. Uansett, du har vore flink og fulgt oss og flink og komentert. Da ha vore viktigt for oss at me ha fått tilbakemeldingar. So mange takk til deg...