Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 17. ØKSNES CAMPING - TRONDHEIM
KJEMPEFIN DAG I FINT VÆR
Det er utruleg ka som bur i ein kropp. Etter 2 dagar kor ein har hatt tunge føter so fungerte det igjen i dag. Til tross for lang etappe i går. Me starta tidlig . So tidlig att det så å sei var ingen trafikk på E6. Me satt jamsides å trakka å prata ( ja me prata i saman fortsatt ;) ikkje so ofte ein kan gjera da på E6.
Første stopp i dag blei i Steinkjer. Hadde ete berre ei brødskive før me for frå hytta so me var svoltne. Berre bensinstasjona so var opne so da blei skulebolle, rosinbolle og kaffi. Sykla vidare til Verdalen kor me hadde ein kort pause. Var litt skeptisk til syklinga i dag. Skulle egentlig sykle på E6 heilt til Trondheim. Frå hytta til Steinkjer måtte me sykla på E6, men frå Steinkjer fant me noko som heitte innherradsvegen og den sykla me på heilt til Trondheim. Kjempeflott å sykle denne vegen. Det var litt sykkelsti å litt veger som gjekk paralelt med E6 og som omtrent ikkje var trafikk på. Måtte innom E6 mellom mellom Skogn og Aas kor de ikkje var andre muligheiter. Sykla litt feil eit par ganger, men da spurte me berra nokre trivilige Trøndera om vegen so fann me fram Dette gjorde att ruta i dag vart litt lenger enn om me hadde sykla hovedvegen, men er jo i brukbar form om dagen so me sluke kilometer. Tok de veldig med ro på denne ruta, sykla gjennom boligfelt og småplassa. Var blant anna innom Aas kjent for butikken med 5% helling. Artigt å gå der med litt skjelvande sykkelføte. Virka so golve halla litt ekstra mot pallestabelen med øl, men motsto fristelsen og sette kursen i bratta opp mot godteriet ;) Artig butikk. Sykla vidare, stoppa å snakka med ein bonde og såg på fjøsen hans. Bli små dessa bondeknølane på Hafslo i denne samanhengen.
Kjempefornøyd me att me fann denne ruta. Skal prøve å finne ei slik ruta ut av Trondheim og. Skal være mulig å komme seg til Støren uten å måtte inn på E6.
Stoppa i Stjørdal kor me åt Pizza på Egon. Var og ein liten tur innom polet dar. No var me ivrige etter å komme fram til hotellet so me sykla i eitt til me kom fram. Ein vaksen etappe på 166km i dag. Fann hotellet med ein gang ( smått utruleg ) Jarle sjekka inn hjå ei kjekke dama so gav oss eit kjempefint rom (detta kan han ) Syklane blei sett på bruslageret. Kveldsmaten på hotellet smakte godt. Fekk levert klær til vask. Burde vel strengt tatt blitt desinfisert.
Dagen i Trondheim skal brukast kun til avslapning. Har jo vært her nokre gange før so me skal ikkje springa rundt for å oppleva ting og tang. Syklane skulle hatt ein real vask og litt forpleining. For ta da etter neste etappe på Oppdal.
Dagens sitat frå Norunn: Kan eg ikkje få sleppa ferie neste år, eg vil mykje heller jobba :)
Dagens tall
Distanse: 166km
Tid: 10t 27m
Middelhastigheit: 15,85
- comments
Leidulf Hei. Bra og høyra att det er komen over halvvegs.Me reiser fra Valle i dag,tar eit par dagar for oss sjølv før vi reiser til Hvaler til Seglem.Stao no pao vidare.
Jarle/ Norunn Me staor pao vidare Leidulf. Må helsa.
CK,Oddis og Sivert Hipphipp hurra for dikka, flinkinga! Her er da budleregn og skoddehav! I dag har me vore på Vesterland på leikeland, Sivert var i hundra i fleire timar! Ellers lite nytt. snakkast :) klem frå oss
Jarle/ Norunn Hei CK, Oddis og Sivert.. Lite nytt her og. Me har vandra litt rundt i Trondheim i dag i finaværet. E klare for ein ny etappe i morgo. Har bestilt hytta på ein campingplass ca 130km frå Trondheim. So bera da over dovre. Klem tilbake.