Profile
Blog
Photos
Videos
Søndag - Fotballkamp
Søndagen sov eg heilt te klokko 11, noko so e uvanlig her faktisk, for solo skinne inn på soverommet grytidlig. Då for me på ein kina restaurant i eit litt finare strøk her i Cochabamba og åt lunsj. Siw hadde akkurat henta ei frå Finland på flyplassen som skulle vera frivillig på barneheimen hennas, Corazon Grande Casa Baste Fanebust. Ho snakka og svensk, som Siw, for ho og er frå Finland.
Etter lunsj tok me faktisk buss ned til byn, men denne gangen snakka Siw til busjåføren sånn at ho sørga for at han slapp oss av på rett plass. Då gjekk me litt rundt i byn og leita ette ein turistbuss, som visstnok ikkje gjekk om søndagen, noko som egentli burde vore den dagen den gjekk synst me:p
Så då fant me ut at me ville gå på fotballkamp. Me kjøpte skjorter til 25 Bs og Hatt for 1 Bs. Bilettane kosta 20 Bs, som e ca 15kr. Me fekk maling i trynet og blei omgjort te skikkelige Aurora supporterar:p hehe… Som er eit lag frå Cochabamba. Dei skulle spele mot eit lag frå Santa Cruz. Me satt oss saman med Aurora supporterane som hadde eget korps, store trommer og masse flagg. Det var liv i dei under heilt kampen, dei song og spelte. Dei heiv små papirbetar når det blei mål og hadde masse rakettar og kinaputt liknande greier. Det var rett og slett skikkelig gøy å vera med på, og me hadde det kjempe kjekt. Men spelarane va egentli rævdårlige. Vårt lag vant med 2-1 då, men alikavel so hadde dei kanskje 20 goe målsjangsar… dei blei skada i hytt og pine og da va ganske rotete spel, men gøy var da! Va noko heilt anna enn på norske fotballkampar. Mykje meir liv og ingen alkohol eller bråk, men syns ikkje fotballspelarane va lika goe. Men så var ikkje detta ein veldig viktig kamp heller då trur eg. Men verdt å sjå og vera med på, det kjem sikkert til å bli fleire!
- comments