Profile
Blog
Photos
Videos
Heisann=)
Her i Bolivia vaskar dei fleste klerna for hand. Og dei få som er så heldige og har vaskemaskin, får ikkje så mykje reinare kler likavel. Eg må rett å slett berre inretta meg ette at da e få land i verden som har so bra kvalitet på ting som Noreg har. Og ikkje minst få plassar i verda som er ein så bra plass å bu som i Noreg.
Men vertfall, eg byrja Laurdagen min med å koka vatn på gasskomfyren vår, noko som tok si tid. Eg hadde ikkje vaska kler sio eg var heima, så det hadde samla seg opp ein god del skittentøy. Etter vatnet var godt varmt bar eg det opp på taket der vaskeriet er. Der la eg klerna i bløyt medan eg var nede og kokte meir vatn. Klokka var halv 9 på måronen og sola var for lengst oppe. Eg vaska val 4-5 klesvaskar for da va begrensa kor mykje kler eg fekk plass til oppi dette varma vatnet. Og eg måtte brukka ein oppvaskkost for å skrubba klerno reine. Når klokka blei 11-12 hadde eg endelig fått alle klerna opp på klessnorene. Og det var tid for å slappa av og kosa oss. Då låg me oss i bikini på taket og solte oss. Det var ganske disig og øveskya så det vart ikkje så altfor varmt. Så det slo meg ikkje at eg kom til å bli solbrent, for eg brukte no faktor 20. Men tenkte jo ikkje på at eg er jo faktisk 2500moh og ikkje så langt frå ekvator, noko eg fekk merka veldig godt på kvelden. Eg har aldri hatt so vondt før av solbrenthet. Da føltes som om eg tok på eit skikkeli vondt blåmerke berre eg va borti ryggen og baksida av beina. Og det spørs om eg kjem til å sola meg meir her med det førsta! Eg trur eg får gå te innkjøp av ein høgare faktor vertfall…
Men klesvasken var vertfall veldig vellykka og eg har aldri tørka kler så fort før! Fleire av dei var jo tørre før dei hadde vore tørre i ein tørketrommel, noko eg aldri har vore med på før… men så kan eg jo ikkje akkurat skryta øve ein veldig long karierre innen klesvask heller då. For har jo vokst opp me ei veldi snill mammaJ
- comments