Profile
Blog
Photos
Videos
15 års dag til Karen Mayra
På laurdag fekk me vera med Siw i 15 årsdag til ei ho kjendte. Og me normenn tenkte me sko passa litt inn og komma litt for seint, det vil sei at me va ca ein halvtime for seine, men alikavel satt me sikkert i 2 timar og venta på at resten av gjestene skulle komma og at festen skulle begynna.
15 årsdag her i bolivia kan me kanskje samanlikna litt med konfirmasjon heime i Noreg. Det er på ein måte ein seremoni. Men her treng ein ikkje vere rik i det heile for å ha ein SVÆR fest. Dei har faddrar til alt. Ein fadder som kjøper kaka (stor "brudekaka"), dette var det Siw som var fadder for, og derfor fekk ho lov å invitera oss med seg. Dei har og fadder på leige av lokale, på gullringen som dei får, på kjolen (som kunne vore brudekjole!) osv… Det var ca 150 gjester, og jenta hadde sikkert 14 "brudepiker" som me vil kalla det for dei hadde alle like og kjempefine kjolar. Alle jentene hadde kavaler, som var kledd opp i dress. Eit og eit par kom ned trappa og vart introdusert for gjestene, og til slutt kom bursdagsbarnet ned trappa med Far sin. Dei dansa vals ilag medan dei hadde ein spesiell sermoni der dei dansa frå eine sida, der jentene stod og blåste ut lysa dei hadde i handa, til den andre sida, der gutane stod og ho plokka rosene som dei hadde i handa si. Når dansen var ferdig blei ho overrekka til sin kavaler. Så det virka nesten som eit bryllup vettu… Det var veldig kjekt og få vere med på noko sånt! Det var ganske spesielt og egentlig ikkje likt noko me har i Noreg.
Men sidan me er på 2500 meter over havet var det iiiskaldt! Døra sto ope og eg holdt på å frysa meg i hel der eg satt i kjole. Når me skulle gå var det mange som tok med seg kakestykker. Det er visst veldig vanleg her, å ta med kaka heim til familien. Sidan døra stod open kom det også nokre laushundar inn i selskapet og folk la mat til dei på golvet. Det var ingen som brydde seg om det gjekk nokre hundar mellom beina på dei… Heima hadde det nok blitt fullt oppstyr om å få dei ut.
Sidan selskapet var litt øde måtte da bestillast taxi når me skulle heim på natta. Og sjølv om me absolutt ikkje var først i køen slapp dei "dei norske" først, noko som og va litt rart for oss… Men me fraus sånn at me hoppa inni me ein gong. Så var det rett heim å finna ullsokkane og krypa onda dyno (eller teppet rettare sagt).
- comments