Profile
Blog
Photos
Videos
Tarija fredag 17 oktober
Så va da tid for å reisa til Tarija. Marita og Kjerstin blei igjen i Sucre. Me tok fly til Cochabamba der me skulle venta nokre timar på fly vidare te Tarija. Eg for ein tur heimom med skittenkler og masse greie so me har fått på dei forskjellige barneheimane. Så blei e sittande på ein restaurant i byen og kosa oss. Når me kom tebake på flyplassen og fekk satt oss på flyet, måtte plutselig alle av igjen fordi dei kunne kje fly. Da va regn i Tarija. Talentlaust. Me venta i mongen tima og så blei da kansellert. Ette masse køståing og masing fekk me endelig plass på eit fly seinare på kvelden. Trur dei betalte andre for ikkje å reisa. Me va seint framme, men alikavel stod frelsesarmeen der å venta på oss.
Når me sto opp måronen ette va da rett på dagsenteret. Og ettekvart so me har vore på mongen barneheimar begynner me nesten å kunne dei fleste dansane. Spelte bordtennis med ongane noko dei syns va veldig stas, og endo meir stas er det at me tar bilde av dei som dei kan få sjå rett etterpå. Me åt lunsj der før me tutla oss tebake te hotellet og fekk slappa av ved bassenget nokre timar. Så var det tid for vinsmaking. Tarija er eit område der mykje av den Bolivianske vinen blir laga. Me var ein tur ute på drueåkeren, før me gjekk inn i vinkjellaren og fekk smaka dei løgne vinane deiras. På kvelden var det fiesta i byen. Tarija er kjendt for alle sine fiestaer. Dei har fiesta for alt muligt. Søndagen gjekk med te å slappa av ved bassenget heile dagen.
- comments