Profile
Blog
Photos
Videos
Sucre - Potosi - Sucre
Tysdag 14 oktober reiste eg med fly te Sucre. Kom fram midt på dagen og møtte dei andre på ein cafe. Dei hadde vore å besøkt fleire barneheimar og dagsenter mens eg var i Cochabamba. Eg tok mit livs verste bad i badekaret på hotellet. Endelig hadde me fått badekar på hotellet og eg tenkte eg sko bada mens dei andre kvilte litt. Først måtte eg vaska badekaret litt, for eg hadde ikkje tenkt å sitta i eit badekar med svarte hår flytane rondt meg. Da va ingen propp der heller, so eg prøvde meg med å setta eit glas øve sluken, noko som funka ganske fint faktisk. Å eg fekk kun varmt vatn om eg brukte dusjhåve, noko so tok evig longe tid. Da begynte å ryka frå dusjhåvet, å da va absolutt ikkje fordi vatnet va varmt men sikkert noko elektriske feil. So eg blei sittande å passa på. Ette ei stond fant eg ut at vatnet blei no kje so varmt uansett so eg kunne lika godt bruka kranen. Og når da endelig va nok vatn te å setta seg oppi va da iiiskaldt. Håndo mi hadde jo blitt ganske vant me da og eg tenkte at eg klarte no detta her, men å putta rompo oppi da der va rett å slett heilt forferdeli. Eg bada i ca 10 sekund før eg reiste meg opp å heller duppa håve neri for å vaska håret. Tenk at eg sikkert venta i øve ein halvtime på detta her tulle. Men blei no reine då te slutt. På kvelden va me invitert heim til Marcelo der Gloria bur. Der fekk me goe biff og vin.
Dagen ettepå gjekk ferdo vidare te Potosi so e verdens høgastliggande by på 4040moh. Me kjørte ein buss so sko ta ca 3 timar, men mitt oppå fjelle sa da pang og begynt å ryka frammi der me sjåføren, so da tok ganske mykje lengre tid når me heila tio måtte stoppa og fylla på vatn på denna tingen. Og høgdesjuke so me va flerre av oss, so va da kje so kjempebehageli tur:p Men me kom oss no fram te slutt og fekk besøkt dagsenteret og tomto te den nye barneheimen so ska komma der, so Marita har vore med å samla inn penga te. Ho stod til og med oppført i programmet at ho skulle holda tale, noko ho ikkje var forberedd på i da heila, men ho klarte seg strålande. Deretter va me ein tur å møtte borgarmesteren før me fekk tid te å slappa av litt på hotellet. På kvelden var me ute å åt med majorane, men det vart ein tidlig kveld i Potosi.
Dagen etterpå skulle me få besøka gruvene i Potosi. Der jobbar 10 000 folk kvar dag, både ongar og vaksne. Livsfarlig arbeid og dei fleste som jobbar der lev ikkje lenge. Det er vanskelig å puste i den høgden og i tillegg vere langt inni fjellet med skikkelig dårlig luft og masse masse støv. Va so vidt me klarte 2 og ein halv time der inne vettu. Me hadde me oss presangar te gruvearbeidarane, som bestod av kokablad, sigaretter, røyk og brus te dei minste. Gjekk longt innøve og måtte bøya oss ganske mykje og til og med krypa litt. Da va vanskeli å pusta og slitsomt å gå på grunn av dei fæle klerno me hadde. Da blei og varmare og varmare jo lengre inn me kom. Me beøkte noken gruvearbeidarar so sto og grov og så sku me endelig ut igjen. Da va sinnsjukt herlig å komma ut i friske luft. Der skulle guiden vår demonstrera koss dei laga dynamitten her og fyrte av. Så var me på veg tebake te Sucre igjen. Denna gongen fekk me heldigvis ein an buss so gjekk utan problem.
Me fekk sjekka inn alle tre jentene på da fina hotellet so dei andre budde på te prisen av to personar. Sjølv om da fortsatt va litt dyrt so ville me unna oss litt luksus. Me tok oss ein varme dusj so va den beste dusjen eg har hatt i Bolivia. Ikkje for varmt, ikkje for kaldt, ingen røyk og ingen elektrisk sjokk. Eg kunne stilla varmen akkurat sånn eg ville ha den, utan problem; HERLIGT :D mongen slitne skjela denna dagen, men me for no ein liten gjeng ut å åt. Så blei me sittande på taket på hotellet for nok ein gong prøva å finna karlsvogno på stjernehimmelen, men ingen hell denna gongen heller. Mammo seie at me visstnok e for longt sør, so da stemme sikkert da då, for har kje sett noko te den i da heila... :)
- comments