Profile
Blog
Photos
Videos
Min siste dag i bolivia var både kjekk og trist. Den begynte me ein tur på politistasjonen for å anmelda kameraet mitt stjåle. Vett rett å slett ikkje kor da blei av, trur da forsvant på bussen frå saltørkenen. Kan jo vera da va min egen feil for e kje so flik å passa på tingo mine…
Så for me å såg eit fengsel, og da va jo ikkje akkurat som i Noreg. Eller eg har vel ikkje vore i eit fengsel i Noreg, men såg med ein gong at detta va noko anna. Men ser faktisk ut so ongane har da bra der saman med forelderen. Da e no vertfall betre enn alternativet som antagelig er gato. Og dei jobbar flittig endten med handarbeid eller snikrar senger. Trur det er noko med at for kvar dag dei jobbar, får dei ein dag mindre straff.
Mi sista oppgava som frivillig var å dela ut diplom til avgangs elevane for barnehagen. Hehe. Da va litt spesielt. Ongane hadde kapper og hattar akkurat som ein ser på film frå USA, men då er det High school og ikkje barnehage. Det var ein høgtideleg sermoni for dei og foreldra. Og alle var glade for at dei hadde bestått barnehagen… hehe. Dei brukte og anledninga til å takka meg, og eg fekk eit kjempefint kort og ei gåve. Det var ikkje så kjekt å forlata dei nei…
Så var det tid for risengrynsgraut og Luciakveld. Me fekk gjester på barneheimen, og julapynten var framme. Det var skikkelig koseleg og jentene sprang rundt i finkler og dansa til svensk julamusikk. Dessverre måtte eg springa midt i, for å rekka flyet mitt, men eg fekk med meg lussekattar og peparkaker som niste:p Men eg gjekk glipp av luciatoget og at jentene song luciasangen på svensk… hehe.
For dei so ikkje har fått da med seg so har eg jobba på eit dagsenter, men besøkt mongen andre dagsenter og barneheimar. Og dei siste to vekene har eg og budd på ein barneheim og vore mykje med jentene der, men ikkje jobba der.
At eg skal tilbake til bolivia e heilt sikkert! Noken so vil bli med? :)
- comments