Profile
Blog
Photos
Videos
La Paz tysdag 7 oktober
Eit par dagar ette dei andre hadde reist til La Paz, tok eg bussen øve fjellet for å få sjå litt av Bolivia. Dagen begynte med at eg sprong for harda livet etter bussen for å nå den. Heldigvis var busssetet både stort og godt. Eg kunne legga det longt bak og hadde goe fotstøtta. Da satt heller ingen i setet på sio av meg, så eg tenkte at desse 8 timane til La Paz kom te å gå strålande. Men da måtte jo selvfølgeli vera for godt te å vera sant for 25kr. Ette eit kvarters kjøring stoppa me å fylte opp bussen med illeluktane bolivianarar. Og eg var så heldig å få 2 stk i nabosetet. Ei go å rond cholita me ein onge imellom oss. Dermed hadde setet mitt halvert størrelse og bussturen kunne ikkje lengre brukast te å ta igjen litt søvn. Eg blei liggane sidelengs me ryggen mot dei for å sleppa å få desse armane og beino te denna ongen stikkane i magen min heila tio. Prøvde å sova litt, men kvar gong eg va halvegs på veg inn i drømmeland kom da ein albue eller ein sko og dytta i meg. Da va ein tapt sak å prøva å sova. Så eg blei liggande å hørra på musikk og såg på landsby ette landsby so suste forbi bussvindauga. Bolivia e eit nydelig land, men med mykje elendighet.
Å komma fram te La Paz va ein kald opplevelse, 4000moh. Eg traska opp å ner for å finna hotellet, noko som var veldig slitsomt i den høgden og eg var halvvegs forkjølt. Ette ein middag med den norske ambassaden på hotellet la eg meg med ull og masse kler på. Men det hjalp ikkje mykje, eg låg å fraus sjølv om me var 3 stk som budde på eit lite rom. Da va iskaldt rett å slett. Ette ei slitsom natt var eg skikkeli forkjølt, men me nordmenn har no vore ute ei vinternatt før so eg kavde meg no opp forda og tvingte i meg litt frokost. Eg kunne jo kje gå glipp av å få sjå isbre i Bolivia. Me hadde egen buss opp te Chacaltaya fjellet og kjørte so longt opp me klarte før bussen ikkje kom seg lengre på grunn av snøen. Då gjekk me resten. Var ikkje heilt forberedt på å gå tur der eg gjekk i slitte pumasko og veska rondt skuldero. Norrøna jakko hadde eg glømt igjen i Cochabamba, og hadde kje mykje ant enn dongriboksa, so såg nok ut so ein dom turist so aldri har gått i fjelle før:p Å bli våt og kald va kje te å unngå når da begynte å snøa. So naglabiten kom snikande. Men når eg plutseli kjendte gnistring på håvet og da begynte å lyna og tordna va da på tide å springa ner frå fjellet. Då var me so absolutt ikkje trygge. Håret te både Åse og Maria sto rett te vers. Og metrologen me hadde me oss sa at han hadde vore livredd. Så me kom oss ikkje heilt te topps på da 5395 m høga fjellet. Noko isbre eller skitrekk såg me heller ikkje. Men ein fin tur va da=) Dagen ettepå va me på besøk på eit par dagsenter på el alto(høgsletto) der dei er litt meir sjenerte og forskjellige frå ongane i lavlandet. Mange har frostskadar og dårleg hud på grunn av høgden. Og for kvar heim me besøker fins da so utrulig mongen forskjellige skjebnar. Alle har sin historie og alle er utrulig gla for å ha ein plass dei kan eta og lera. Dei får ein sjanse til eit greit liv. Me besøkte og ruinane på Tiwanacu, noko so sikkert va interessant da, men museum e eg ikkje so stor fan av. Ette nokre telefonsamtalar med Marita og Kjerstin bestemte dei seg for å joina oss til Titicaca alikavel, så på kvelden kom dei med fly til La Paz:)
- comments