Profile
Blog
Photos
Videos
Eg valte å hjelpe ein av mange som treng hjelp her i Bolivia, han heiter Danny og er ein liten sjarmør på 3 år. Da går ikkje an å hjelpa alle som treng da, men ein kan gjer ein liten forskjell fordaom. Da e som boliviafamilien seie; "ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe noen". Eg har vertfall fått sett med egne auge kor mykje da betyr, ikkje berre for fadderbarnet mitt, men for familien også. Ein kan kje tenka at da ikkje e vits og at ein klare kje redda heile verden alikavel. For da gjer ein forskjell for akkurat den personen vertfall.
Eg har vore veldig heldig som har fått blitt kjend med Danny og familien. Søstera Jessica på 11 år syns da e stor stas at tante Anna er blitt fadder for litlebroren. Verkar som det er ho som sett størst pris på det, som den andre mora i familien. Det er for det meste ho som tar seg av søskena, sidan mora må jobba for å skaffe pengar. Eldste broren, Gustavo, er med å jobbar på markedet både onsdag og laurdag.
Ein dag fekk eg komma på besøk til Danny. Han budde longt opp ein BRATT bakke. Var so vidt taxien kom seg opp med 4 jenter og ein 3åring som last. Eit rom på størrelse med kjøkkenet vårt, budde dei i, ein familie på 4… Ei lyspæra i taket og flassete maling. Murgolv og to senger. Ein kommode, ei hylla og eit bord. Det var i ein kjellar med ei dør og eit vindu. I hagen var det grus og maur og nokre klessnorer. Dei hadde eit "hus" til i hagen som bestod av eit rom med ein komfyr ting og ein "kjøkkenbenk"… Doen eller dusjen såg eg ingenting te, men var eit lite blikkskur der og som sikkert va utedoen. Men over alt i bolivia fins det offentlege dusjar, så det er nok mange som ikkje har den luksusen. Og varmt vatn e da svært få som har. Da har blitt mange kalde dusjar på meg i år ja, så det beste er å dusje om dagen når sola har steikt litt.
Far til Danny er borte vekk. Ein stad i Argentina er han, kanskje med ny familie. Nokre telefonar var det i byrjinga, men no høyrer dei ingenting og får heller ikkje noko støtte… Mora fortalte at det berre var vondt å forlate barna sine i dei første 6 månadane, så glømte ein dei. Herregud… Ho fortalte og at ho sjølv, fleire gangar, hadde tenkt på å forlate dei 3 barna. Men hadde sett korleis det var med forlatte barn og ville ikkje at hennar barn skulle få oppleve det same. Om ho kjem til å gjere det ein gong vett eg ikkje, men håpar ikkje det!
Sidan snille Siw var med meg på besøket, kunne ho oversetta for meg:p heldigvis! Elles hadde eg ikkje forstått mykje… Jessica hadde spørt om ikkje dei kunne flytta til ein finare plass, men det er veldig vanskelig. Ganske mange i bolivia har det slik som denna familien. Mange også mykje verre. Men har også sett fleire overklasse folk. Og det er ein ganske stor forskjell. Country club, golfbane og basseng partys. E sikkert sånn me kunne levd om me hadde hatt norsk lønn i bolivia. Men kem vil vel da, når dei kvar dag kjører i sine fine bilar forbi gatebarn og limsniffarar. Dei rike forblir rike og dei fattige forblir fattige… Sånn e da dessverre over alt. Og det e neste flaut å hørra på all klaginga i Noreg. For der har me da so plommo i egget og lev betre enn folk flest. Og den fattigdommen me har kan ikkje samenliknast med den dei har i fattige land. Men alt kan jo forbetras, so folk kan jo kje slutta å stå på for landet sitt fordi folk har det fælt andre plassar i verden. Men alle kan gjera eit lite tak for samfunnet utenom Noreg og.
Nye klede og nye leiker hadde eg med til Danny. Noko som ikkje kosta skjorto her i bolivia. Spiderman t-skjorta og militærboksa, eller politi boksa som Danny sa, var stor stas. Og ikkje minst tankbilen so kan kjøra av seg sjølv. Då sto latteren høgt i taket. For e da noko Danny kan so e da å le kjempehøgt og smila kjempe bredt. Han er glad stort sett heile tida, men han er ein liten luring og, så om han har eit "lei seg fjes" så er det som regel for å oppnå noko, som å låna kameraet mitt etter eg har sagt nei… hehe.
Mange barn her vikar ofte eldre enn dei er. Ikkje av utsjånad, men av oppførsel. For dei blir tvungne til å ta ansvar tidlig i livet. Dei må tidlig ta vare på seg sjølv og ofte søskena også. Mange har berre ein forelder som må jobba veldig mykje for å forsørga barna. Og søskenflokkane her nere, er ikkje heilt like som i Noreg. Det er veldig vanleg å ha mellom 5 og 10 barn. Ein ide for å hjelpa fattige land kan jo og vera å læra om kropp og befruktning og ikkje minst viktighet med prevansjon. Det fins altformange unge alenemødre her. Men det er jo og ein heilt anna kultur der dei kan tenka at jo fleire barn, jo fleire kan ta seg av meg når eg e gammal… Dei har jo ikkje dei same godene me har i Noreg der staten tar seg av oss når me treng det.
Nei, no blei da kanskje litt mykje skriving her… Men får so sinnsjukt mongen inntrykk og tankar her, og e veldig irriterande at eg ikkje kan gjera noko med da. For e so sinnsjukt mongen forbedrings mulighetar og folk som treng hjelp. Koffor kan kje alle ha da sånn so oss i Noreg som bekymrar oss for bensin prisar, den amerikanske børsen og kass sydentur me ska ta i år? Sjølv om ikkje alle gjer da heller då men. Her tar dei fleste buss til 1 kr, har ikkje pengar i banken og har ikkje vore lengre enn markedet og jobb. Bekymringane e totalt forskjellige og nokre har aldri høyrt om noko so heiter børs ein gong.
Eg vil ikkje sei eg har blitt klok på fattigdom og veit ka so trengs fordi eg har vore her osv. For verden e so sinnsjukt stor, og utrulig forskjellig. Da e ting som kan forbedras over heile verden. Og da eg veit e vertfall at eg hjelpe ein 3 åring te å kunna få eit normalt liv. Nokre få dagar med jobbing i året, er med på at Danny har ein plass å vera om dagen der han får mat, hjelp med eventuelle lekser og prøver, og ikkje minst rekreasjon. Han er ein av dei heldige.
- comments