Profile
Blog
Photos
Videos
Santa Cruz søndag 19 oktober Etter nokre forsinkingar kom me oss endelig fram til Santa Cruz og. Merka at me kom ner i lavlandet for temperaturen va go og varm. Mandagen besøkte me dagsenteret der fadderongen te Marita går. Ho fekk kler og ei bok so ho blei veldig gla for. Va ein stor dag for ho å få besøk av fadderen sin. Resten av dagen låg me strake ved bassenget. På kvelden va da ut å eta, før ferdo gjekk vidare på bar. Me enda opp ein plass der da va karaoke. Storkoste oss tross at aldersforskjellen på den yngste(meg) og den eldste(Gerd) er 55år. Men eg såg ho duppa av litt no og då. 74 åringen vår ska jo vera med på alt, og er absolutt ikkje den første so går heim. Må jo oppleva mens ein fortsatt kan, seie ho berre. Turen hadde kje vore den same utan Gerd. Då dei skulle stenga, va da på tide å legga seg. Men kunne ikkje legga oss utan eit nattbad først. Og sidan me skulle reise så tidlig var det ikkje mykje vits i å legga seg heller, så me satt liksågodt oppe te me måtte pakka og reisa.
- comments