Profile
Blog
Photos
Videos
Chapare torsdag 2 oktober
Mens me var i Cochabamba, tok me ein liten svipptur nerom Chapare, so e jungelområde her. Me besøkte narkopolitiet so viste oss forskjellige måtar å smugla på, forskjellige måtar å laga kokain på og koss kokain greiene fungere her nere. For siden kokabladene ikkje berre blir brukt te kokain så har ein familie lov å dyrka eit visst område kokaplanter. Dette tar kokain produsentane seg nytte av og betalar godt for å få tilgang på kokaplantane. Narkopolitiet finn stadig vekk slike kokain fabrikkar, men mange slepp onda fordi dei er flinke på å veta om politiet kjem sidan dei fleste kokainfabrikkane befinn seg langt uti skauen og narkopolitiet må som oftast tilnerma seg til fots. Når dei har funne ein kokainfabrikk brenn dei all kokainen (tru det dei som vil). Korrupt e vel ikkje akkurat eit framandord her i Bolivia.
Me fortsatte dagen i Chapare med eit besøk på ein blomster gard elns. Noko so ikkje heilt falt i smak hoss meg, men da va sikkert kjekt for han so budde der å få visa fram noko so sikkert va livsverket hans. Deretter bar da i veg te apeparken, som var siste gjeremål for dagen. Me fekk ikkje lov å ha noko verdisaker med oss inn i parken for apene e veldig flinke tjuvar. Dei var ikkje i bur, så plutselig satt da ein apekatt på håve te Øyvind og pitla lus og åt:p Da va kje ein enkel sak å få an vekk heller.
Ette ein long dag med 5 timar på buss og på besøk her og der, va da jammen godt å komma på hotellet og hiva seg i bassenget. For i Chapare va da varmt! Sidan me var midt i jungelen, blei middagen åten på hotellet og forsøket på å finna uteplassar seinare på kvelden blei ikkje særlig enkelt. Me tok oss eit nattbad, noko som var pittelitt ubehageli når tusenvis av padde sprong rondt oss og mongen gresshoppe skreik for full hals. Da va kje lett å ha ein samtale på grunn av alt bråket dei laga. Ettepå blei da nokre timar i bingen før solo sto opp og det bar avgårde til ein park inni jungelen. Der måtte me sitta i ei vogn so gjekk øve elvo. Der gjekk me ein 2 timars tur inni jungelen, besøkte nokre grotter og såg på oljefuglane osv. Men det so sto i håve våras heile turen var rafting!
Etter lunsj kjørte me mot elvo. Me heiv oss i båtane og glei nerøve. Hadde da knall kjekt, men noko særlige heftige greie kan eg kje heilt sei at da va. Burde vel kanskje skjønt da når me ikkje fekk utdelt noko hjelm. I midten av elvo hadde me ein pause og fekk kryssa elvo med taubane, noko so og hadde vore kjekkare viss me ikkje måtte ha ein liten bolivianar på fonget… Ettepå va da badings og hopping frå noken berg. So blei me sittande å venta på at guiden vår frå reisebyrået skulle tørra å hoppa. Ette ei go stond tørte ho endeli å plopsa uti frå ein halv meters høgde… Fint å ha ein guide so e med på turen for første gong.
Når me var ferdig med raftingo var leggane våre fulle i raue prikkar som eg trudde va vanlig smikka. Men da viste seg at da va ein spesiell mygg so eg ikkje tålte og beino mine blei te to ronde opphovna ballar. Eg klarte nesten ikkje å gå, og da føltes som om eg gjekk på brekte bein. Eg va tydligvis allergisk mot denna myggen og måtte ligga me beino høgt og gå på antibiotika. Kjedli sak.
- comments