Profile
Blog
Photos
Videos
Onsdag 29 Oktober va da endelig tid for finale i fotball. Mellom laget vårt Aurora og Santa Cruz. Me var so heldige og hadde fått gratisbillettar til eit heilt barnehjem. So då tok me med oss alle gutane på Oscar Ahlm. Men det einaste me hadde var eit ark med stempel og underskrifta til sjefen på fotballlaget og var ikkje hondra prosent sikkert på at vaktane kom til å sleppa oss inn. Me Stilte opp i mange timar i forvegen for å reservera plassar sidan denne kampen kom til å bli overfull. Men det vart litt problem alikavel og me sprang att og fram og smiska med ny og ny vakt. Det var jo tusenvis med vakter der, so til slutt fann me ein som hjalp oss inn.
Så då satt me der, 4 lyse jenter åleina på ein fotballstadion. Prøvde å holla av ca 50-60 plassar til barnehjemmet. og gitt om folk såg rart på oss der me kavde med å holla "reservado" arko på plass i den vinden. Me brukte alt me kunne finna i veskene. Solkrem, ordbok, solbriller, ein matboks med kaka i og til og med små tyggisar la me på for at ikkje arko skulle blåsa vekk. Men etter ca 4 timar kom endeleg gutane frå skulen og var kjempeklare til å sjå fotballkamp. Noko dei fleste av dei aldri har vore på før.
Det var ein kjempespennande kamp. Men det mest spesialla e publikum og alt da liv som e på tribunen. Bølgo gjekk rondt nermare 10 gongar og gauling og skriking var da gjennom heile kampen. Rakettar blir skotne og flasker blir hevne i hondravis ner på banen når motspelaren har korner på "vår side". Da er rett og slett ekstremt. Og ingen fotballkamp utan "eg legg meg ner, blir bert på båra ut, og rett opp å springa igjen"... Og litt knuffing og slossing må jo og te. Blei spesielt problem når eine Santa Cruz spelaren fekk ei flaska i håve. Ellers va eg og vitne te verdens dårligaste filming. Ein av våre spelarar skalla håve i skuldero te ein frå santa cruz og la seg ner i bakken og hadde dritvondt, mens han andre for vidare. Men når han såg at han andre låg i bakken, fekk plutseli han og vondt og heiv seg ner i bakken fordi han liksom va skada. At da går an, seie berre eg!
Underholdning på høgt nivå!:D
- comments