Profile
Blog
Photos
Videos
Jentene der Marita og Kjerstin jobbar, var i ekstase då dei fekk veta at to av spelarane fra Aurora skulle komma å spela fotball med dei. Då dei kom, var det ikkje fred å få for seriemestrane. Dei måtte ikkje berre skriva autograf til dei 58 jentene som bur der, men og til venner og familie. Men det blei litt fotballspeling i parken til slutt. Med ein godt overfyllt bane, blei da fort kaos der jentene sprang etter ballen. Og Når ein av fotballspelarane skaut ballen høgt opp i lufto(sikkert ein femtedel av da dei er van med sjølv), stoppa jentene opp, måpte og det kom eit summande wooooow fra heile gjengen. Tydligvis noken som aldri har sett ein skikkelig fotballkamp.
Det blei ein rar fotballkamp, der forbipasserande plutselig stod midt på banen for å få eit bilde av fotballspelarane med ongane sine, få autograf osv... Det flokka seg med andre folk rundt banen, og det var fleire som plutselig var med i kampen. Jentene var heller ikkje lette å holla styr på, når det kun var me som var dei ansvarlege voksne, so ikkje snakke so mykje spansk... Men det vart ein veldig minnerik dag for jentene. Og dei snakka ikkje om noko anna dei påfølgane dagane. Takka vera Marita og Kjerstin!:D
Det skal ikkje meir til enn litt innsats for å gleda andre:)
- comments