Profile
Blog
Photos
Videos
Mine to siste veker har eg buss hoss Siw på barneheimen hennas. Der bur det 13 jenter frå 3 til 15 år. Ein veldig fin plass eit godt stykke frå sentrum. Så eg følte meg litt meir heima der uti skogen med natur lydar og fuglakvitr. Men da va meir sommar en jul, so kan kje heilt sei eg har fått julastemning endo. Sjølv om me bakte pepparkaker ein dag, og feirte Lucia den siste dagen med lussekattar og heila pakko. Men siden flyet mitt gjekk, so måtte eg springa før eg fekk sett lucia toget...
Julapynten va på plass i dei fleste hus og lysa blinka og song. Julenissens hus var pynta og godt opplyst for at ongane sko få komma på besøk til julanissen. Julakrybbo var og på plass i sentrum. Her treng dei nok ekstra mykje julalys og pynt for at da ska bli jul. For noko snø e da kje kjangs å få, sjølv om ein e på 2500 moh…
- comments