Profile
Blog
Photos
Videos
Huayra Khasa - Jobb
"Tante Anna" jobbar på ein av Frelsesarmeen sine dagheimar, Huayra Khasa. Der er det rundt 90 onga i 4 forskjellige grupper fordelt etter alder. Eg begynnar klokka halv 9 om måronen og er der til hal 4. Eg har vore i forskjellige grupper kvar dag, for å prøva litt ka eg syns e best. Og det har egentli vore greitt med litt variasjon. Det er ingen som bur på denne dagheimen, utenom ho som driv den og familien hennar. Det vil sei at ongane har eigen familie, men dei er fattige. Boliviafamilien er med på å støtte denne dagheimen, altså barna som går der har faddrar i Noreg. Eg trur det kostar 250 kr i månaden pr barn som går der og det hjelp nok veldig på for deiras oppvekst at dei har ein plass dei kan vere om dagen. Det er nok av gatebarn og limsniffarar rundt om kring.
I gruppa for dei største er det ei gruppa på formiddagen og ei gruppa på ettermiddagen, fordi dei går enten på formiddag eller ettermiddag skule. Der hjelper eg til med lekser og er med dei ut å leikar etterpå. Det er jo begrensa kva eg kan hjelpa dei med, men mattematikk har gått fint sio eg kan alle tallo. Det er mange som ikkje heilt forstår at eg ikkje snakkar språket, så dei fortsetter å snakka te meg sjølv om eg seier at eg ikkje forstår. Dette gjelder spesielt dei minste.
Dei 3 minste gruppene er mest som ein barnehage. Dagen begynner med frokost som består av ei knusk tørr bolla og ein kopp med varm tjokk mais te eller noko sånt. Så er det å få alle ned i kyrkja (dei har eigen kyrkja i huset) der dei syng songar med bevegelsar. Og det er jammen ikkje lett å få dei te å sitta i ro og vera stille, vertfall ikkje når eg ikkje vett ka eg kan sei. Det er berre fira andre som er "tanter" der, så det er ikkje so lett å holla styr på så mange ongar.
Etter kyrkja er det "time". Då gjer dei største lekser og dei minste blir aktivert til å male ol. Så får dei lov å leike. Då har dei ein egen liten leikeplass eller så spelar me fotball i bakgården. Jentene vil heila tio ha meg med til å hoppa strikk, og den strikken synge nok på sista verset, for da må nok vera minst 50 knutar på den etter at den er blitt fiksa på nytt og på nytt.
Etter leikinga skal dei gjere seg klar for lunsj. Då vaskar dei hendene ( eg har fortsatt ikkje sett noko såpa ved vasken), og væter ut heile håret for å greie det fint før dei får komme inn og sette seg til bords. Då får dei suppe til forett med masse forskjellige grønnsaker oppi og kanskje ein kjøttbit. Når dei har åte opp ALT, får dei lov å begynne på middagen som består av forskjelligt kvar dag. Eg syns det ser ganske grapse ut og tørr berre ete suppa, fordi eg er redd for å bli dårleg av maten deiras. Det ser ikkje akkurat særleg apetittleg ut, men alle et opp maten sin. Det må dei, før dei går frå bordet. Mange sluker det ner før eg får snudd meg om. Men dei blir opplært te å eta fort, på ei av dei minste gruppene mata ho eine tanta dei med meir før dei hadde fått svelt ner den første skeia dei fekk. Etter dei har spist opp får dei lov å hente seg eit glas med drikke som oftast er eit glas vatn med kanelsmak… Eg har begynt å ta med meg ei eiga flaske vatn:p
Etter mat er det kviletid for dei minste og bytte av gruppe for dei største fordi nokre begynner på skulen og nokre sluttar. Etter kviletida er det dotid og tannpuss. Då går heile gruppa ned på doen og pussar tenna og går på do. Dei hoiar og leikar inne på doen som loktar kloakk og ikkje ser ut. Lurar veldig på korti dei vaskar og trekk i snoro, for det verkar det ikkje som nokon gjer. Når eg såg ongane som leika på dogolvet og tenkte på han som pissa på golvet før på dagen, fordi dei var 3 stk som krangla om same doen sjølv om der var 5 andre ledige doar, var det ikkje so kjekt når dei kjem å henge seg rundt halsen min og gnur seg innte meg ettepå… Men det er ikkje so lett for meg å sei noko te dei heller sidan dei ikkje forstår norsk og eg ikkje snakkar spansk.
At dei faktisk pusser tenna deiras kvar dag er ein stor nødvendighet, for eg har aldri vore i eit rom der ingen suttar på noko snop. Kvar dag har dei med seg pengar til å kjøpa snop på dagheimens egen snopekiosk. Kor enn eg snur meg er det noken som har ein slikkepinn i munnen, ein chips påse i neven eller ein sjokoladedrikk hengande i munnen heile tida. Det fins ikkje noko "berre lørdagsgodt" her nei. Har aldri sett noken som et so mykje søtt som bolivianarane. Det er sikkert meir snopekioskar enn det er bilar. Dei sel snop over alt og te alle døgnets tider. Kakene dei har her smakar ikkje noko anna enn sukker. Blir nesten kvalm… Men ja. Etter dei er ferdige å "stella" seg er det time igjen, før dei so får gå ut å leika. Då er klokka halv 4 ca og eg går heim, så eg veit egentlig ikkje kva som skjer etter det, men det stenger klokka 6 så då må alle heim.
Eg har ca 15 min å kjøra te jobb, så då tar eg taxi som kostar ca 8 Bs (ca 5-6 kr), kvar vei. Trafikken er veldig forskjellig frå dag te dag, så det varierer veldig kor lang tid det tar, men det er for langt å gå. Det er litt oppe i fjellet. Den første dagen skulle eg prøve å ta buss heim igjen, som er veldig billig (1.50 Bs). Då er det enten ein sånn kassabil, so eg vil kalla da, med ekstra seter i, eller ein litt større buss som ser ut som eit tivoli i alle fargane. Men denne turen var ikkje særlig vellykka. Det tok over 2 timar før eg var heima. Eg spørte om bussen gjekk til Avenida Peru, der eg bur, og da gjor an. Men da eg ikkje viste var at den gjekk berre forbi og ikkje inn i gata mi, som er ganske stor ,og derfor hadde eg ikkje peiling på kor eg skulle av. Eg såg heile tida etter huset eg budde i og det som låg i nærheten, men det viste seg at me aldri kjørte forbi det… Eg lurte heile tida på om eg skulle gå av å ta ein taxi, men eg visste jo at det tok lengre tid med buss enn taxi så eg blei sittande. Etter ei god god stund såg eg noko som ikkje var så langt frå her eg bur så då tenkte eg at det ikkje var så langt igjen. Men plutselig kom me på ein øde vei der det nesten ikkje fanst folk og då tenkte eg at no vil eg av! Men det fantes ikkje noko taxia i nærleiken så eg blei værande til eg kom til endestasjonen for akkurat buss nr 6, som var den eg tok. Då spurte bussjåføren kor eg hadde tenkt meg og det blei til at eg måtte ta ein anna buss tebake. Då satt eg meg heilt forann med bussjåføren og prøvde å forklara på min rustne spansk at eg ikkje visste kor eg skulle og om han kunne sleppa meg av i Avenida Peru. Og då kom eg meg heim te slutt. Men spørs om eg kjem te å ta buss til og frå jobb med det første.
Eg har ikkje tort aa ta med meg kameraet paa jobb endo, men faar gjera da ein dag og spor om eg faar lov aa ta bilde=)
ciao:)
- comments