Profile
Blog
Photos
Videos
Ei svært god natt i Sta olalla del Calla med masse søvn. Ingen hanar eller kyrkjeklokker som heldt oss vakne. Kjøpte oss frukost på hotellet. 40 kr for begge to. Når ein kjem ut på landsbygda er det mykje billigare både med mat og andre ting.
Avreise i dag blei ca 09.30. Gjekk bra lett avgarde i dag. Slakt oppover, men mest bortover før dan første stoppen etter 15 km. Kort rast på 10 min før ein for vidare. So blei da ein del bakkar å bryna seg på før ein kom til ein plass som heiter Monesterio. I Monesterio åt me pilgrimsmeny, og fekk stempla pilgrimspassa våre. Kjempegodt måltid. 3 retters meny til 120 kr med 2 flasker vatn for begge 2 er billig. Hovedretten besto av masse erter, so da va ingen so ville ligga først å dra etter måltidet :)
Sykla med vindtett på overkroppen i dag. Ein blir fort litt sveitt når det går ein del oppover, og når det då er litt kald vind er da fort å begjynna å frysa.
Når me driv og syklar om dagen er det ikkje altid da blir sagt so mykje heile tida. Jarle likar stillheiten, Norunn likar å prata. Når det har gått ei stund og det ikkje har blitt sagt noko kjemme da ofta berra dettande eit eller anna ut av Norunn. So og i dag. Da begjynte å li på dag og Jarle pleier å ha nokre pissepausar i løpet av dagen. Klokka var no 3 og da var ikkje sagt noko på ei stund. Norunn: Jarle, du har ikkje pissa i dag ? Jarle : ehh nei, hvis da ikkje har gått noko i broki som eg ikkje har vore klar over, so har eg ikkje da. Litt seinare. Norunn: Eg trur eg begjynna å få brennesot. Jarle: Me har Titralac i medesinveska. Norunn: Eg trur ikkje eg har hatt brennesot sia eg var gravid !! Ein kan sykla av vegen av mindre :)))
74 km på oss i dag. I morgo skal me til Merida. Planen er 2 overnattingar dar. ME SNAKKAST.
SENDER EI EKSTRA HELSING TIL OSKAR ( FAR TIL NORUNN ) SOM HAR BURSDAG I DAG
- comments
Kjell Deke må huska pissepausane. God tur vidare Kjell
Leidulf og Lillian. Flott å følja med,men det såg strevsamt ut med vassinga,bra de er ved godt mot,me føljer spent med vidare.
Janne Haha....!!!:))) god tur vidare begge to:)
Benedicte ^medisin
Stine-Iren Hehe.er vell all raudvin so ha fiksa brennesot:)
Norunn/Jarle Nei, ikkje so mykje raudvin. Trur da var maten i går..
May-Hilde Høyres ut til at de har ein flott tur. Jarle: viss Norunn blir oftare trøtt enn før, so er det heilt vanlig dei første 3 månadane... God tur vidare, pilgrimar :-)
Norunn/Jarle Hallo.. Kjell : Ja me får prøve å hugse dei ;) Leidulf/Lillian: Bra de føle med oss. Akkurat komt ttil Merida no. Janne : Tusen takk for da. May Hilde : Til da sista. Tusen takk. Til da førsta. OK. :)
Synneva Kvam Skal helsa frå Leif og Per dei set og drikk kaffi og eg les frå bloggen dikka . God tur vidare
Norunn/Jarle Hei Synneva.... Flott de føle me. Fortsett me da so får de dikka ein tur rundt om i Europa ;)