Profile
Blog
Photos
Videos
KLÅRT OG KALDT NÅR ME STO OPP I DAG.TOK DA HEILT ROLEG I DAG. HAR VORE PÅ CAMINOEN FRÅ LEON TIL SAHAGUN. 58 KM.
Frukost laga me sjølve i dag. På kjøkenet på Pension La Torre. God frukost og god kaffi.
Tok ein tur innom katedralen i Leon og turistinformasjon før me sette kursen ut av byen.Tok hovedvegen ut av Leon til å begjynne med. Snakka med nokre pilgrimar som kom, og dei kunne absolutt anbefale Caminoen. Fekk hjelp av dei til å hekta av ein gjering og fekk syklane og bagasjen over. På Caminoen var det kjempeflott og sykle so dar heldt me oss resten av dagen.
Dei aller fleste som er på Caminoen kjem gåande frå Frankrike. Veldig kjekt for oss som er på veg i motsatt retning. Da betyr at me treffe veldig mange fjes, istedenfor å sjå mange ryggar. Trefte blant anna ei sprudlande jenta frå Holland som vinka og stoppa oss. Ho ville gje oss kjerlighet på pinne. Me takka høflig ja. Søtsake lika me.
Buen Camino Peregrino,det har me høyrt og sagt mange ganger i dag. Da betyr vel noko sånt som, god tur på vegen pilgrim/vandringsmann. Har møtt ein ca 250- 300 pilgrimar i dag. Dei aller fleste blide og førnøgde, men har og møtt nokon som er tydleg litt oppgidde og trøytte etter ein lang dags vandring.
Blei camping plass og bungalow på oss i dag. Finaste campingen me har sett sidan me starta turen, so da måtte me prøva den. Camping Pedro Ponce i Sahagun. ca 2800 innbyggara på denna plassen.
Blir litt på Caminoen i morgo og, men kansje ikkje heile dagen.
3 retters meny på bungalowen i kveld : Pølse, brød og potetgull. Og cola til drikke.
EIN LANG VANDRING ER EIN MÅTE Å SLEPPA KONTROLLEN PÅ, TA TING FOR KVA DEI ER OG IKKJE BEKYMRE SEG FOR KVARDAGEN. DET SOM SKJER I LIVET ER ALDRIG SÅ FARLIG SOM MAN TROR ( AGNETA LAGERCRANZ )
- comments