Profile
Blog
Photos
Videos
HALLO. I DAG HAR ME HATT DAN HEITASTE DAGEN SIDAN ME STARTA. CA 25 GRADER MIDT PÅ DAGEN I DAG. FLOTTE GREIER...
Me sa hada til Roy i dag før me for. Han skulle samme vegen som oss, men me fann vel egentlig ut at i dag ville me sykla åleine. Har utveksla adresser og e mail. Han hadde lyst til Norge so er ikkje umulig at me høyre frå han ein dag.
Første stopp i dag blei på ein liten plass som heitte El Avion. Norunn måtte ha første dose med inntak av kaffi. So blei da ikkje stopp før etter 35 km. Da blei første måltidet etter frukost inntatt. Litt før leinge mellom måltida, for ein merka ein gjekk litt tom. Må bli flinkare til å eta litt oftare. Spesielt slike dagar som det går mykje oppover. Drikka er ikkje problem, ca 2,5 liter på kver har me i oss på ein etappe.
64 km i dag og når ca 50 av dei er oppover so blei da ei bra økt. Heitt og godt var da og. Trur me skal væra glad for at me syklar med sola i ryggen om dagen, ellers hadde me sikkert blitt brent.
Eit tapt fotokamera i dag. Fann det ikkje at når me skulle pakka. Muligens stjelt, veit ikkje heilt. Blir å bruka mobilen til å ta bilde med inntil vidare. Skulle egentlig ta inn i Puenta de Bejar, men på ein plass var de stengt i helgane og på ein anna plass hadde me måtte venta i 2 timar. So da tok me ei mil til og la oss inn på eit hotel i utkanten av Bejar.
UT AV EXTREMADURA I DAG OG INN I PROVINSEN CASTILLA Y LEON.
- comments