Profile
Blog
Photos
Videos
FEKK TATT BILDE AV MERIDA SYKKEL OG MERIDA SKILT NÅR ME FORLOT BYEN I DAG. 77 KM PÅ SETE.
Først frukost på hotellet, so montering av klikkpedalar og da var me klar til å sykle ut av Merida. Tok litt tid å komme seg ut av byen. Ikkje fordi me rota, men fordi Merida var veldig stor i utstrekning.
Når me var komne 12 km på veg i dag trefte me på ein anna syklist med oppakning. Dette er kun den 3 med oppakning me har møtt sidan me starta i Tarifa. Roy frå Nederland som hadde starta i Sevilla. Han tok følge med oss heile vegen til Caceres. Politiman av yrke, men me har ikkje gjort noko gale so det gjekk fint. Veldig hyggelig kar som tok inn på Pilgrimsherberget i Caceres i lag med oss. Var og ute og åt med han om kvelden og. Kjem sikkert til og sykle 1 etappe til med han. Han skal sykle til Salamaca ( ca 190 km frå Caceres ) Og ta tog derifrå til Real Madrid, kor han skal på fotballkamp ( Får håpe dei har heimekamp ;) Ein steikandes fine tur i dag med masse bildetaking. Har lyst å stoppe for kvar 500 meter for å ta bilde, men for å litt framdrift må ein prøve å begrense seg litt. Mange fine slott, bruer og borger langs heile vegen.
Ca 97 000 innbyggara i Caceres. Den kom på Unescos verdsarvliste i 1986. Idielt sett skulle ein vore minst 2 dagar alle plassar kor me overnattar, men det har me ikkje tid til.
EIN VEIT EIN ER LANGT HEIMAFRÅ NÅR EIN SER AT DET ER SKILTA TIL PORTUGAL ;)
Ps. Har vist vorte noko rot med destinasjon på kartet. Me er ikkje i Portugal.
- comments
Monica (ntp) Kjekt å lesa kva de har gjort dei 2 siste dagane. Flotte bilete av spreke folk og nydeleg landskap.
Norunn/Jarle Tusen takk foe da Monica-
Leidulf og Lillian. Detter høyrest bra ut,er i alle fall nermare målet,her er sol i dag og.Alt vel.
Norunn/Jarle Leidulf og Lillian: Bra da er sol heima og. Me er ferdige med dagens etappe
Rolf&Toril Ja, no va me sikre på at de hadde rota dikka heilt ut på viddene ;) God tir vidare! PS: Portugal er i tilfelle vel verdt det :)
Norunn/Jarle Rolf&Toril : Hei. Ja Portugal var med i ein tidlig fase av planlegginga, men datt ut. Me er berre 100 km Frå grensa, so da hadde vore fristande. Får ta da ein anna gang, uten sykkel.