Profile
Blog
Photos
Videos
Vakna opp til høljeregn i dag og. Åt frukost halv 9 og var klar til å reise ca kl 9. Utsette avreisa litt fordi det sprutregna noko heilt meiningslaust. Etter ein halv times tid roa da seg litt. So da begjynte me å sykla ut av Jerez by. Gjekk ganske greit å finna sykkelvegen som skulle ta oss ut av byen. 6km med 2 felts sykkelveg, so var me ute av byen. Mange alea med appelsintre lang vegen.
I dag måtte me faktisk drista oss inn på motorveg i ca 1 km!! Hadde ingen annan muligheit. Va ikkje so hakkande gale ;) Litt seinare måtte me krysse motorveg ( sjå bilete ) på ein litt uegna plass. Me tok av sidevesker og Jarle sprang att og fram over 3+3 felts motorveg. Skvatt litt når det kom ein politibil med blålys mens me dreiv på med bagasjehåndtering. Politimannen kom bort til oss og lurte på kor me skulle? Var meint å sei heim, men av og til kobla da heldigvis inn ei sperra. Forklarte kor me skulle og politimannen var ikkje so værst han. Peika og forklara og alt var i orden. Me hadde stopp for å ete etter 25km i El cuervo, og etter ca 52km i ei grøft. Totalt hadde me 73km i dag.
Sjekka inn på Hotel Monolo Mayo. Åt på resturanten der om kvelden. Var eit Michelin klistermerke på resturant døra, men veit ikkje om da betyr noko. Me åt Svinemedaljonger og gåse bryst. Var heilt utruleg godt.
Litt om stadnavn. Må sei me er litt imponert over stadnavna på ein del plassa me har vore innom .El cuervo, Los Canos De Meca, Conil De La Frontera, Los Palacios Y Villa Franca, Jerez De La Frontera. Hvis me ser på Norske navn : Hamar, Florø, Lavik, Gaupne og Hafslo. Blir litt stusseleg i forhold ;)
PLUTSELEG SO HØYRE DE FRÅ OSS IGJEN.
- comments
Monica (ntp) Godt de er i havn igjen - litt einig i datta med namna, er litt flottare på Spansk, men me kan jo prøva oss på Los Palacios Kvam en Hafslo og så har me jo Costa del Solvorn om sommaren :-) - fortsatt god tur!
Norunn/Jarle Enige i Costa del Solvorn Monica ;)
Leidulf og Lillian. Høyrest ut som de er ganske så fornuftige,så detter går nok bra ,god tur vidare, her er forsatt SOL.
Norunn/Jarle Leidulf/Lillian: Sol og fint i Sevilla og i dag.