Profile
Blog
Photos
Videos
SOL SOL SOL
Opp til sein frukost i eit nydeleg vær i dag. God frukost på Nueva Florida, eit konditori rett borti gata for hotellet vårt. Sprøsteikt baguett med syltetøy og cafe con leche. I dag var da på med kortbrok og tskjorte. Jarle måtte gå med langarma, fortsat rød etter at han blei solbrent første sykkeldagen.
Me begjynte med cruise på Guadalquivir elva. Flott båttur som tok ca 1 time.Her var da mange kajakpadlara, so da var nok fristande for fleire da. Me passerte mange av dei bygningane og bruene som blei bygd til verdensutstillingen EXPO 92. Etter båtturen rusla me berre litt rundt i byen uten verken mål eller meining før me tok ein is, kaffi og brownie på Illis.
Eit besøk i katedralen i Sevilla er noko ein berre må gjera når ein er her. La Catedral De Sevilla er Europas største Gotiske bygning. Inne i katedralen er da siste kvilestedet til Christopher Columbus (Crristobal Colon) Katedralen er på Unescos verdsarvliste.
Etter masse inntrykk, var da no på tide med lunch/middag. Sevilla har ca 1000 Tapasbarar, so da måtte prøvast. På Nobles Tapas bar var da svært so god mat og få.
Sikkert dei som meina ein burde ha vore på ein tyrefektingsarena når ein er i Spania, hadde sjangsen no i Sevilla, men NEI TAKK.
Fekk første stemplet i pilgrimspassa våre i dag. Har og prøvd og orientere oss litt korleis me skal komme oss ut av Sevilla og inn på Camino Via De La Plata, men må vel gå det og.
Sevilla kan absolutt anbefalast som storbyferie. Me har ivertfall hatt ein strålandes dag i solen..
- comments