Profile
Blog
Photos
Videos
VAR IKKJE OPPE FØR 09.00 I DAG. VAKNA TIL SMÅFUGLA OG DUE SOM SANG TIL OSS. DUENE SA: KORRR,KORRR, KORRR SKAL DE HENNE I DAG ? i DAG SKAL ME TIL BENAVENTE. BENAVENTE ER EIN LITEN BY, CA 20 000 INNBYGGARA.
Gjekk rett på sykkelen i dag. Sykla 500 meter, so sette me oss på ein fortausresturant og bestilte oss desayuno ( frukost ) God frukost, no var me klar til ei økt med sykling. Ganske hard motvind i dag. Har ikkje skreve so mykje om vinden dei foregåande dagane, men da er fordi me har hatt ein fin medvind ;) Når ein har over 20 varmegrader so er da ikkje so nøye med vinden, men ein brukar litt lengre tid på etappen.
Stoppa og åt pilgrimsmeny på eit herberge i Granja de Moreruela. Der fekk me snakka Norsk for første gong på turen med andre enn oss sjølve. Eit par frå Finland som var Svenskspråklige. Dei skulle gå til Santiago, men hadde teke kvelden no. Hadde oss og ein prat med Jenny frå Canada som var i samme ærend som dei finske. Kjekke folk alle i hopas. Fekk stempel i pilgrimspassa våre på herberget.
I morgo går turen til Leon. Planen derifrå er at me skal fylgje pilgrimsvegen Camino Frances, men da får me sjå på. Har vore innpå Caminoen i dag og. Dan er kjempefin å gå, men når du må dra sykkelen mange plassar so blir da tungt. Har ca 25 kg i oppakning på kver sykkel.
Me paserar mange pilgrimar som reiser utruleg lett. Har snakka med dei som berre har med seg 5 kg i sekken for ein 6 vekers tur. hvis ein kan greia seg med så lite som mulig er nok da det besta. Slik er da vel i livet også. Ein treing ikkje mange ting for å leva, og har ein for mykje å bæra på blir livet vanskligare og.
Har vore og handla og gjort oss klar for morgodagen. Bananer, energidrikk, brødmat og litt snop. Må få kjøpt oss noko anti bac og. Greit og ha da etter vegen. Ellers so kan me sei ( ivertfall Jarle ) som barnebarn Kristian sa. Mormor var barnevakt for han i Bergen og han hadde vore på do. Gå og vask hendene dine Kristian. Ja men mommo jeg har ikke tatt i han. ( berra lagt han på kanten kan du sei )
Me seie takk for oss i dag. Kosa oss fortsatt på vegen.
HASTA LUEGO
- comments