Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 10 57 KM
Opp klokka 08.00 i dag. Litt dårleg med soving i natt. To hanar uten begrep om natt og dag heldt oss vakne. Den eine hanen gol , og hin gapen leinger nede i gata svara. Nokso iriterande egentlig.
Handla drikke, snop og litt småtteri på Spar butikken i Castilblanco før me trødde i veg.
Litt skye og litt sol, og slik hadde me det heile dagen. Fin tempratur ca 20 grader,men litt vind.
Åt ikkje før me reiste i dag, so stoppa etter 11 km for å ete. Har altid brødmat og godis med oss i Pakkveskene.
Etter ca 14 km trefte me på at den dama som me var ute og åt med kvelden før. Ho hadde starta tidlig om morgonen og hadde 17 km igjen å gå denna dagen. Etter 28 km kom me til ein plass som heiter Almaden de la Plata. Her blei da kaffi og energibar+ innkjøp av mandariner og eple.
Blei litt forandring i planane i dag.Etter ein strabasiøs dag i går på Caminoen bestemte me oss får å sykla på bilveg. Caminoen er heilt grei å gå, men å sykle kan by på vanskligheitar. So det kan godt hende me tek bilveg heilt til me kjem til Leon, og kjem innpå Camino Frances. Bilvegen me sykla på i dag var nesten ikkje trafikk på. Kunne gå 10 min mellom kvar bil som kom.
I dag gjekk det mykje oppover so me fekk brukt oss skikkelig. Etappane foreløbig har ikkje vore so lange, må ha i minne at me skal sykle langt, og so og sei kver einaste dag so ein får starte roleg.
Annkom Sta Olalla del cala (artigt navn) ca kl 17. Då hadde me heile kvelden til å slappe av på.
Ut og ete må ein jo kvar kveld, og av og til med ein liten Vino tinto til.
- comments
Monica (ntp) For nokre hanar.....alltid ska no dei gala so fele!!! E no noko betre med høne so kaklar då, for dei gaular ikkje so høgt ;-)
Norunn/Jarle Hei Monica : Hmm, vanskeleg nøtt datta. Lika gale begge deler ;)
Monica (ntp) Du er ein diplomatisk mann Jarle :-)
Hildur Hei , dette hanegreiene kjenner eg til.... Me hadde for ,ein del år tilbake ,to slike haner- på same tid -,som ikkje hadde greie på klokka.....Dei trudde klokka var seks både natt og tidlig på dag.... Etter ei tid mista dei hovuda sine......:( :(....:(
Norunn/Jarle Hei Hildur. Kjekt du føle med på turen. Du må fortsette med da. Da er dagens høgdepunkt for oss og etter endt sykkeldag og lese bloggen. Og sjå på komentarane.