Profile
Blog
Photos
Videos
BADA I DAG. 45KM PÅ SYKKELEN
Avreise frå pensjonatet i Sevilla klokka 10.30 i dag, i eit aldeles strålandeS vær. Litt problem med å finna vegenmed det samme, men gjekk stort sett greit.Første stoppen i dag hadde me på brua Punte Triana midt i Sevilla by. Norunn hadde laga baguettar om kvelden med spekeskinke og ost saman med kaffi so blei da eit godt første måltid denna dagen.
Neste stopp blei etter 12 km i Santiponce. Dette er starten på Camino via de la Plata. No var me i gang på Caminoen som skulle by på nokre utfordringar i dag. Etter å ha komme ca 22km avgarde møtte me på problem. Etter alt regnet som har vore dei foregåande dagane so kom me til ein veg som var full av vatn. Da såg ganske uframkommeleg ut. Me prøvde å gå rundt,men det gjekk ikkje. Skulle me sykle 10 km tilbake for å komma til ein bilveg eller ka skulle me gjera ? Var litt skeptisk til å begjynne å Vasse. Viste lite om grunnen under, kunne jo væra at ein blei sittande fast i gjørme. Jarle begjynte å vasse i da iskalde vatnet. Fult av kvist og gjørme, men da gjekk no. Av me pakkvesker og til å bæra over.Kom 3 unge Spanjolar fra den andre sida som og skulle over. Dei sykla/vassa over, dei spurte om dei skulle hjelpa oss, og da sa Norunn tusen takk til. Som takk for hjelpa fekk dei klem av ho alle 3. Var no kansje litt i overkant , men ok ;)
Hvis ein ser på bilda so ser ein litt av dei vegane me hadde å stri med i dag. Trur me kansje gjekk 15 av kilometrane.
Ein liten matstopp i landsbyen Guillo. Grilla kylling. Liten porsjon, men godt.
Annkom Castilblanco ca 17.30 Tok inn på eit Casa ruales (privat overnatting) Var ute og åt om kvelden med ei Tysk dame som gjekk Caminoen.Triveleg selskap og god mat.
Ellers so var mobiltelefonen til Jarle og pengapungen vår under vatn i dag. Gløymde at ein hadde det på ryggen når han dreiv og vassa. Trur det gjekk bra med telefonen.
Sitat Norunn i går når me gjekk forbi hestadrosjen i Sevilla og ein hest akkurat hadde gjort i frå seg: Her lukta da akkurat som av sokkane våre.
Da er begjynt å bli ein spesiell eim av sokkar og sko. Blanding av surhå og gammalost.
Er litt problem med internettilgang mange plassar, so blir kansje ikkje so hyppige oppdateringar. ME FÅR SJÅ..
- comments
Espen Hei J & N, kjekt å lesa om denna turen dikka og, høyres ut so de kosa dikka sjlølv om da e bortekampa, sure bussjåføra og sokka me tvilsom odør..:) Gledar meg til å følgje turen dikka gjennom Europa...god tur og kos dikka på vegen, har garantert masse kjekt å sjå fram te opp gjennom. Skal de sykla gjennom Pyrineane?
Norunn/Jarle Hei Espen. Tusen takk. Ja skal sykla gjennom Pyrineane er meiningi. I frå Pamplona teinkje me da blir. Har ikkje tort å undersøkt kor tøft det er, men reknar me å væra i bra sykkelform då. So vestkysten av Frankrike.
Espen Eg for gjennom dar for ein del år sida tykte ikkje da var so gale eg, men so hadde no eg vet te å ta bil på lang tur dao...;) Neidao gaor sikkert bra da, når de kjemme dar so e nok formen heilt pao plass og so da gaor nok bra, ifrao Pamplona, blir da gjennom Andorra dao?..eit ekstra hakk i skjeftet da veit du, i tillegg te da so e da no faktisk eit ganske stilligt lite land heile greiao...eller meir so ein dal igrunn...men billig å handla dar dao so kanskje ikkje so dumt å stoppa dar å plukka med seg litt forsyningar, er jo berre nedover bakka på utifrå Andorra so....:) Fortsatt god tur kjekt å lesa om turen dikka, og hadde eg ikkje vore so forbanna lat og råten so kunne eg ha tenkt meg å gjort noko liknande....:)
Norunn/Jarle Hallo Espen: Andorra var med i ein planleggingsfase so absolutt, men måtte nok vika. Etter so me fann ut hadde da blitt litt for mykje klatring, men absolutt eit hakk og hatt med seg ja..
Hildur Hei, det er artigt å lese det de skriv :) Skjerp deg Norunn- med dessa ...takk for hjelpa... klemmane dine. Det hadde no vore nok med kvar sin sleng kyss........:)