Profile
Blog
Photos
Videos
HEI
Me har sjekka inn på Pension La Torre i Leon i dag. Ca 140 000 innbyggara i denna byen. Leon i lag med Astorga er eit knutepunkt mellom dei 2 caminoane Camino Frances og Camino via de la Plata. Me har fortsatt ikkje bestemt oss, om da bli Camino eller bilveg på oss. Litt av begge deler sannsynligvis. No har me hatt kurs nordover til no, i morgo dreiar me Østover og begjynnar og nærma oss Frankrike.
Dagens etappe har foregått i sol og fint vær. Litt kaldt på morningen i dag, men ellers fint. Stort sett alle dei foregåande etappane våre har gått gjennom varierande og flotte landskap. I dag må me væra so ærleg og sei at landskapet var dørgande kjedelig. Måtte vel komma ein slik etappe og. Heilt flatt og strekningar som kunne være 3 km. Me veit me har mange fine etappar føre oss, og tunge. Gler oss litt til begge deler ( trur me ;)
Var meininga å ta 2 dagar i Leon, men reknar med at me reiser vidare i morgo. Skal ut og utforske byen litt i kveld, so får me sjå.
Me er friske og raske i føtene, hovudet fungera og bra på oss, so detta går fint.
Me har felles kjøkken her på pensjonatet, so i kveld skal me laga oss lapskaus. Godt med litt forandring frå alle denna pom fritten.
Den kommande veka er det meldt 0,9 mm med nedbør. Da bør me greia å stå i.
Ja da får de ha ein fin kveld heima. Reknar me været er strålandes.
- comments
Stine-Iren Eg stemmer for den vegen som ikkje er bilveg:) da va ikkje nåke nedbør.i Bergen.va da 25 mm ein dag;) Me kosar oss i Mandal i helga og flyturen gjekk fint;) her er da 9 grader og sol,men ein del vind.Ha ein fin kveld i Leon;)
Leidulf og Lillian. Bra att hovudet fungerar så de tek kloke avgjerder,lettskya og litt sol i dag 8gr.Har vore ein tur i Gaupne i dag, dei gamle var med og fekk lufta seg litt.De får ta ein prat med mor i helga,ho lurde på det om ho kom til å høyra fra dikka i helga.
Emma Hei tante og onkel.Tusen takk for presangen eg fekk til bursdagen min i går.Håpar dåkke har det fint på sykkel turen,veldig glad i dåkke og savner dåkke masse.Farmor henta oss på skulen i dag,og så var vi i havhesten med onkel Espen og Maren.No e vi glad det er helg å vi kan slappe av. Klem fra Emma
Norunn/Jarle Hallo. Stine Iren: Me vel bilveg med lite trafikk so da går fint. De får kosa dikka i Mandal. Hels.. Leidulf og Lillian: Me teke å sler på tråden i helga. Dagane går heilt i surr for oss so me veit ikkje altid ka dag da er. Må helsa alle. Hei Emma. So kjekt å høyra frå deg. Me har da veldig bra på sykkelturen vår. Kos deg i helga, og skriv gjerne noko til oss ein anna dag og. Klemzzz til søte Emma..
Monica (ntp) Kjekt å lesa igjen Jarle og Norunn, fiint Jarle er betre i magen - noko dritt det der.... Har de starta med klatreetappar, litt spent på å høyre om det... Har køyrt gjennom Alpane.....men pyrineene har eg ikkje sett :-) God tur vidare
Norunn/Jarle Hei Monica. So du føle med oss enda? So bra. Og at du legg igjen nokre ord set me veldig stor pris på. Har nok hatt klatring so da har holdt. Hadde spesielt eit par dagar med mykje oppover, men no har da nesten vore for lite ;) Skal over Pyrineeane om ei vekas tid, men trur da skal gå bra.