Profile
Blog
Photos
Videos
GOD FRUKOST I ZAFRA FØR AVREISE MOT MERIDA. OVERSKYA OG 14 GRADER.
I dag hadde me bestemt oss. Flytta oss fortast mulig ( på sykkel selfølgelig ;) frå Zafra til Merida. Litt oppover dei første kilometrane før det flata ut. Og paddeflatt var det resten av turen. Var til tider litt kjedelig i dag med endelause vinmarker. Einaste når me var innom byar og småplassar at ein fekk litt forandring. Skal ikkje bli noko vane å rase avgarde, men var litt ivrige på å komma fram i dag.
I morgo skal me bruka heile dagen her i Merida. Jarle har gløymt å pakka kombipedalane, so han har sykla med joggesko heile vegen frå Tarifa. Får sjå om me kan greie å få kjøpt her i Merida.
Merida er hovudstaden i Provinsen Extremadura. Her er ca 55 000 innbyggara. Byen blei grunlagt 25 f.kr av den romerske keisaren Agustus. Detta er dan Spanske byen med flest Romerske monumenter. Merida er på Unescos verdsarvliste.
Ikkje so mykje meir å melda i dag. No skal me ut og eta. So er da ikkje umulig at da blir å finna ein bar som syner Barcelona mot Paris. HEJ DÅ
Eit ordtak seie: Når man gjer ei reise har man noko å fortelja. Me har mykje å fortelja..
- comments
Monica (ntp) So flott med litt historiske fakta, ikkje berra e da kjekt å lesa om turen dikka, men lærerikt også :-) Eg trur da står Merida på sykkelen min - kan det stemme Jarle? (du so ha greie på slikt :-)) Ynskjer dikka fortsatt ei triveleg reise....
Norunn/Jarle Hei Monica.. Da ha du sikkert. Har Merida sykkel eg og. Når turen var planlagd so hadde eg jo gledd meg til å ta bilde av sykkelen og byskiltet. Plutseleg var me inne i byn å bilde ikkje tatt. Får sjå ka ein får til når ein reiser igjen