Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 2
HALLO. Starta dagen med ein god frukost på togstasjon Malaga. Den låg rett bortanfor hotellet vårt. Ferske rundstykker og nypressa appelsinjuice var slett ikkje værst. No var det å begjynne å bære all bagasje bort til busstasjon, som låg 500 meter frå hotellet vårt. Ikkje so langt . men med all bagasjen so vart da no litt strev. Da med å ta buss skulle visa seg å ikkje bli so enkelt. Det var mange reisande og spesialbagasje hadde sisteprioritet. Me prøvde oss på 3 forskellige bussar som skulle nedover solkysten, men fekk berre nei. Etter å ha venta i over ein time og sett fleire bussar reise so måtte me prøve og forandre taktikk. Når neste buss kom og hadde opp bagasjelukene so sprang Norunn på ei side og hadde inn ei øskje, mens eg hadde inn ei på andre sida. Det sto fult av folk bak oss med bagasje. So kom bussjåføren og han var langt frå fornøyd med da me hadde gjort. Han gestikulerte og vifta med armane og hadde ein heil del med glosa som han ville dela med oss. Me gjorde oss berra dumme, sa noko på sognamaol gestikulerte litt med armene gjorde me og. Denna bussen skulle me på. Me gjekk berre inn og sette oss og håpa da beste. Eg trur bussjåføren ga oss berra opp. Me kom med både me og bagasjen ;) Hadde ein fin tur nedover solkysten. No måtte me byta buss i Algeciras ca 20 km frå Tarifa. Taktikken blei dan samme no. Kvar vår øskje, sto klar når bagasjelukene gjekk opp. Til verket. Norunn hivde inn si øskja, gjek fint. Når eg skulle ha inn den andre so stakk den 10 cm for langt ut slik at dørane ikkje gjekk igjen. Denna sjåføren var støypt i samma formen so dan forige. Himling med augene og gestikulering. Kvam var no temmale heit i topplokket. Reiv opp pappen på sykkelen tok ut teltet og nokre andre ting, fekk skubba sykkelen litt fram i øskja. No gjekk da. Gjekk inn og sette oss og jammen gjekk da dinna gongen og. Me ha fått stor tru på detta med og gjera seg litt dumme hvis ting går litt på tverke. Foreløbig har ikkje Hafslobøgdinga og Spanske bussjåføra gått so kjempegodt i lag. Fekk hjelp av ein hyggeleg taxi sjåfør i Tarifa som kjøyrte oss til det koslege pensjonatet kor me skulle bu. Om kvelden var me ute og åt ein 3 retters. Heilt ok mat. Avslutta kvelden med eit besøk i dan flotta kyrkja i Tarifa. Tarifa fakta : Tarifa er da sørlegaste punktet i europa på fastlandet. Her er da 10 km med sandstrender. Tarifa blir rekna for ein av dei beste plassane å drive med kiting og surfing.
- comments
Stine-Iren Morsomt å lesa:) ser føre meg at du va litt varm i toppen ja:) bra de er so flinke t å oppdatera:) kos dikka masse;) klems