Profile
Blog
Photos
Videos
I DAG HADDE ME SOL, REGN, VIND, HAGL OG SNØ. ME ER KOMT I PYRINEEANE. 50 KM PÅ LANDEVEGEN I DAG. HADDE ME TATT CAMINOEN HADDE DA BLITT EIN DEL KORTARE.
Kvidde oss litt i dag for å ta fatt på dagens etappe. Regn og vind når me starta i dag. Gjekk ikkje så leinge før da klarna opp litt. So da blei ikkje so hakkande gale, men noko tempratur å snakka om har da ikkje vore. Ned mot null i fjellet. Herligå komma i hus etter ein slik dag.
Tapt kilometer teljar på sykkel i dag. Me hadde han i går når me låste syklane i gangen på pensjonatet. I dag tidlig var han vekke. Nappa av. Team Kvam hadde ein i reserve i verktøy veska, So me skal nok få registret kilometrane framover og.
Norunn foreslo at me burde dra ned at til Tarifa og sykla ein gong til, slik at me var sikker på å få da rett.
Merka at ein er komt til baskerland. Alle skilta står på baskisk.Voldsomt dumt før oss som akkurat har lert oss Spansk ;)
No er me i Navarra regionen. Føler oss derfor i dag forplikta til å prøva ein vin frå området. Irache Crianza 2008. Jau var ikkje værst dan.
Siste heile dagen vår i Spania i dag. Litt om sykling i Spania: Heilt tydeleg at Spanjolane er eit sykkel elskande folk. Har vore berra heilt fantastisk å fara gjennom landet.Me har ikkje hatt ein einaste negativ episode. Mange ganger i byar når me har hatt rødt lys og bilar grønt, so har dei stoppa og vinka oss over. Me har hatt mange som har tuta og vinka på oss, dei Sveivar ned ruta og seier at me syklar i feil retning. Me fer jo motsatt retning av da dei fleste gjer som skal til Santiago de Compostella. Spania som sykkelland kan anbefalast på da varmaste.
Sitat Norunn i fjellet i dag: Får ikkje håpa da bli meir snø i sommar.
Espinal heiter plassen me har teke inn på i dag. Eit Casa rural (privat innkvartering) Har meldt snø i morgo seier dei her på huset. So da får me forbereda oss på da.
LIVET ER FOR KORT TIL IKKJE Å HA DET MORSOMT DET MESTE AV TIDA.
HA DA BRA. ME SNAKKAST I FRANKRIKE.
- comments
Stine-Iren Hagla som berra da her og på fredag.men igår var veret fantastisk!ec va ute og jogga den vanluge rutao mi,men igår var da visst maraton,kom midt inni da hehe.derfor sprang eg berre forbi adle:) idag skal me på Misje;) god tur vidare t Frankrike;)
Norunn/Jarle Takk for da Stine Iren. Må helsa.