Profile
Blog
Photos
Videos
HALLOEN.
Oppe klokka 08.00. Litt overskya, men heilt greit.
Vertsfolket hadde laga frukost til oss. Beste frukosten so langt på turen. Litt rart å sitta i lag med eit anna Fransk par + vertsfamilien til frukost når me omtrent ikkje kan eit kløyva ord Fransk, og dei ikkje kan Engelsk. Dei bruka faktisk litt sognamål her og. Når me spurte om vegen so høyrdes da ut som dei sa, tutla pao, tutla pao. Da er no akkurat da me gjere. ME TUTLA PAO ;)
Litt problem for oss om dagen. Franskmennene har teke langhelg. Masse som er stengt, da mesta faktisk. Fekk ikkje kjøpt oss mat. Var innom ein fotbalturnering. Dar fekk me kjøpt oss eit brød (75 cm langt) So da var kveldsmaten sikra. Kan sikkert ha da som morrabrød og. ;)
Hadde heller ikkje overnatting. Begjynte tidlig å sjå etter overnatting. Fekk nokon på eit turistkontor til å hjelpa oss, dei ringte rundt og styra, men alt var fult. Me var no innstilt på setta opp teltet so me har med oss. Kom til ein campingplass som me hadde ringt til før og høyrt om plass. Då var da fult. No hadde dei plutseleg plass i eit telt som dei hadde. Me blei kjempehappy med da. Me får sikkert samma problemet med overnatting i morgo og. Er nok gjort litt for dårlig planlegging her.
Fin tur langs med sjøen før me skulle over ei stor bru i dag. 4 km lang. Frå St Brevin les Pins over til St Nazaire. Norunn kvidde seg. Likar ikkje å sykla over bruer. Denne var nokso heftig og. Høg og såg rett ned i sjøen. Med frisk sidevind so me hadde bør ein ikkje væra hardt belasta med høgdeskrekk. Stor trafikk var da og. Me kom oss no nokso greit over.
Går litt trått med oss om dagen. Blir ikkje so mange kilometer. Likavel so ligge me faktisk ein dag føre skjema.
Eit ordtak seier at ei ny reise startar dar dan gamle sluttar. For oss so gjelde detta kvar dag.
Ca 6000 Franskmenn + 2 Norske som bur her me er komt til i dag.
- comments
Aordøl Anne-Grethe Har d ikkje sjekka opningstidene på butikkane altso? Aiaiai ;) hehe Men med eit brød på 75 cm so har d no ei lita stund:) Når ska d være i Bergen etter planen dikka? Men hvis e / vi ska komme dit og sykle me dikka må d nok ha eit par veker i forvegen uten kviledag slek at e / vi kanskje klarer å holde følge :) Vi e jo ikkje trent i d heile tatt i forhold t dikka. Kelain rute har d plana om frå Bergen? Langs kysten eller om Voss? D e vel grusveg over fjellet om Voss so d lika nok ikkje Trek'en min. Men e har jo andre (dog mykje dårlegare) alternativ :) Høgdeskrekk e ingen ting å spøke me. E føle me dg...
Norunn/Jarle Hei Anne Grethe.Har vist svikta den som skulle sjekka opningstidene ;) Rekna med da blir Hardanger og vikafjellet ja. Da fiksa de. Vanskeleg å sei kor tid da blir, men skal ha nokre dagar i bergen før me syklar heim. Rundt 20 Juni kansje me startar frå Bergen. Heng dikka på.
Aordøl Anne-Grethe Fleire kviledagar før de startar frå Bergen altså? Da tørr vi nok ikkje ;) Eller kanskje vi kan være med frå Vik t Hella. hehe Vi begynner på ferie den 20. Juni. Vi får sjå når det nærma seg. Kanskje vi heller tek oss ein dagstur t Hafslo når d e komme heim. So kan d slepe oss inn att fjorden sidan energien og gosakene på styret gjekk tomt like etter Mannheller :)
Norunn/Jarle Hei igjen. Mange muligheiter Anne Grethe. berre å hiva seg med. Frå Bergen går og fint ;) Til Hafslo må de berre komma.