Profile
Blog
Photos
Videos
HEISAN.
Har hatt ei natt som har vore kald og med lite soving. Var kaldt i teltet og med sommar soveposar so blei da ei hustrig natt. Var pina deg heitare ute enn inne i teltet. Var berre å kle på seg og komme seg ned på ein kafeteria i Herbignac å få seg frukost. Ein heit kopp kaffi gjorde godt for to kalde syklistar.
Var innom ein kjempefine plass i dag. La Roche Bernard. Her var da kunst av forskjellig slag. Glassblåsar og tredreiar med masse fine ting
Kjøpt nytt kamera i dag. So håpar da skal bli litt bedre kvalitet på bilda.
Kort etappe i dag, problem med å få overnatting. Satsar på ein lengre etappe i morgo. Me får inn på Booking.com og sjå om me finn oss noko. Får prøve å bestille i forkant so me sleppe detta stresset om ettermiddagane. Er ikkje so godt å veta altid kor opplagt ein er og kor langt ein kjem.
Ellers ikkje so mykje nytt å fortelja. Jarle har skifta barberblad i dag. Hadde med 2 stk heimanfrå. Detta får holda heim. Norunn melder om at ho skulle hatt seg ein ny deoderant. Detta var nok da viktigaste frå oss i dag.
ME HELSAR TIL DIKKA I DAG OG. OG SO ME ALTID SEIER FØR ME LEGGE OSS. I MORGO SO VEIT ME MYKJE MEIR.
- comments
Arne Telt er ikkje noko stas..... Håpar det snart får sol igjen og betre overnatting, de har de fortent. I dag kunne me starta våonna både på Gelden og Hestnes, men padling på Hafslo vatnet må nok venta. Kan nesten gå på ski dar endå. Fin sykkeltur på nye gosykkelen i dag God tur vidare!
Norunn/Jarle Hei Arne. Nei telt blei noko kaldt. Spesielt før dei øve 50 er da nok litt for tøft..Har no bestilt hotel for 3 netter framover. So da bli nok bra. Berra isen fer til me kjem heim so er Jarle fornøyd. Håpar på ein fin padlesesong. Hels dine. Me snakkast.