Profile
Blog
Photos
Videos
FØRSTE HEILE SYKKELDAG I FRANKRIKE.
I dag viste me at det var eit litt anna værslag som venta oss enn da me har hatt dei to siste dagane. Stor forskjel å starta om morningen på 0 grader mot som i dag med 13 grader og sol. Litt kald vind på morningen so me starta med vindtett på overkroppen, men kasta etter kvart litt kle.
I dag skal me ikkje skryta på oss mykje klatring. Mesteparten flatt og svakt nedover til Bayonne. Dei første 50 km gjekk som ein leik.
I dag fekk me sjå sjøen igjen. Ca 1500 km sidan sist. Da var heilt kjempeflott. Spesielt ei som var sers nøgd.
Trur me skal prøva og unngå storbyar i Frankrike. I dag sykla me gjennom Bayonne (stoppa ikkje å kjøpte oss skinka eingong ;) Da var litt strevsomt. I Spania gjekk da nokso greit, her virka da til å væra ein litt anna køyrekultur. Ikkje so vennligsinna bilistar. Sleit litt med å finna vegen ut av byen. Var svært dårlig skilta syntes me. Stoppa og spurte etter vegen mange gonger, so da gjekk no på eit vis.
Dei siste 15 kilometrane i dag var fantastiske og sykla. Sykkelveg gjennom skog, innom små landsbyar og ned til sjøen. Denna skal me faktisk følgja minst eit par dagar til. Veldig behagelig.
Har sjekka inn på camping Municipal Les Pins Bleus ( noko til navn ) i Labenne. Her har me fått oss noko som liknar på ei campingvogn. Veldig fint her. Plassane rundt om her minnar mykje om ein del plassar i Danmark kor me har feriert.
Frankrike : Ca 60 millionar menneskje som klamrar seg fast her. Me skal sykla gjennom desse regionane : Poitou og Aquitaine - Loire Dalen - Bretagne - Normandie - Le Nord og Picardie. Blir spennande detta.
Me kryssar fingrar og håpar på godt vær og ikkje alt for mykje vind. Har hatt motvind i dag og, men når ein begjynner å bli vant til da, so da er ikkje so gale. Blir brukt litt meir krefter for å komma seg framover.
Gratulerar 3 stk gamle karar som har bursdag i dag. Leidulf, Magne og Arne.J. Hipp, hipp kara.
ME KOSAR OSS PÅ CAMPING.
- comments
Leidulf og Lillian. Hei. her er like kaldt i dag,men hadde ein kosleg dag i går, lett feiring,far vår var i godt slag etter å ha fornya førarkortet sitt i sitt halvgådde 92.år.Håpar de får ei god og spennande reise gjennom Frankrike,god tur vidare.
jane Hei igjen.Ja nå har jeg oppdatert meg på bloggen,Har vært uten data i en uke nå.Tusen takk for bilde og melding Norunn :-)) Jeg har hatt en kjempe fin uke på Rhodos,så det er litt ned tur å komme hjem til grått og trist vær.Håper dere får fint vår vær i Frankrike.God tur videre :-))
Stine-Iren Me gleda oss til ein fridag imåro;)har levert sjølvangivelsen so alt er berre velstand;) bli vel kjekt med noko anna en apansk vin no;) skype imåro kveld?
Norunn/jarle Hallo.. Leidulf og Lillian: Da er bra. Ja me håpar på ein fine tur gjennom Frankrike me og. Jane: Takk for da. Du får ta deg enda ein tur til syden hvis da blir for kaldt. Stine Iren: Ja no lyte me prøva Fransk vin. Me kan skypa ja, so sant me har nett dar me havna i morgo.
Arne Hei pao deko. Takk for helsinga på dagen min. Håpar de har hatt ein fin 1. Mai. Surt og kaldt på Hafslo. Var i Moanr på fotballtrening med Sander, Eline og Mette i kveld. Kald fornøyelse, men moro å sjå dei små leika seg med ball. God tur vidare.
Norunn/Jarle Hallo Arne. Altid moro i moane med dessa små. Saknar da.Sikker bra og væra ferdig med forhandlingar . Me snakkast.