Profile
Blog
Photos
Videos
HALLO
OPP TIDLIG I DAG MED KURS MOT DIEPPE 75 KM I DAG
Første del av dagens etappe gjekk nokså raskt unna. Målet var Dieppe og ein sykkelbutikk som me hadde fått oppgitt av turistinformasjonen i Veulettes sur Mer. Den skulle ligga midt i byen Dieppe. Me hadde eit sterkt behov for slangar og dekk. Me fann fram. Det viste seg å væra ein butikk for mopeda og motosykla. Bom dar altso. Var ingen sykkelbutikk i Dieppe. Etter litt om og men greide me og spora opp ein butikk. Den låg 3 km utafor den vegen som me skulle. Blei altso 6 km ekstra, men var nøydde å gjera da. Snakk om flaks, me kom dar 5 min før dei stengte. Endeleg so hadde me litt flaks. For 2 dagar sidan sto me i ingenmannsland og var so fortvila, no var me so fornøgde. Da viste seg at me skulle få bruk for da me hadde kjøpt. 12 km før me var komt fram til dar kor me skulle overnatta so var dekket flatt. Det var lappa 3 ganger so det var kansje ikkje so rart. No hadde me heldigvis noko å hjelpa oss med.
Med da været som me har no, so blir da nok ikkje so mange småvegar langs kysten som me ellers hadde planlagt. Blir nok å finna vegar som går meir rett nordover.
Snakka med ein pilgrim i Dieppe i dag. Trefte han når me åt lunch. Han hadde gått i 11 månadar!!! Blant anna gått pilgrimsvegar i Spania. Han hadde 1 års permisjon frå jobb. Hadde kun 17 Euro igjen som skulle vara dei siste 8 dagane som han hadde igjen og gå. Han åt mykje sardiner og brød. Norunn tykte synd i han og ga han 20 Euro!!! Hvis ho skal fortsetta på denna måten kjem me oss alder heim. ( han var sikkert ein millioner i forkledning )
Dagens sitat frå Norunn når me var innom sykkelbutikken: Her er sånn krem so me skal smørje oss i ræva med. Da var gris/ fett. Vore fristande å kjøpt ei krukke til ho.
I dag ligg me på leiligheit kor da er kokemuligheiter. Me sprang avgarde og kjøpte poteter. Jøsses da var godt. Resturant mat er oppskrytte greier.
HELSING FRÅ 2 SOM HÅPAR PÅ PITTE LITT BEDRE VÆR. ER IKKJE MYKJE ME BER OM.
- comments
Terje F GRATULERE SO MYKJE MED MÅRODAGEN. Blir vel ein liten feiring ute i bushen? God tur vidare med håp om betre ver, (de rigna her og, visst de er noko trøst)
Arne Hei pao deko. Har vore litt av kvart no.... Men i morgon er det ein stor dag, for Jarle vert stor gut. 50 aor. God tur vidare og ha ein strålande dag i morgon
Norunn/Jarle Hei... Terje : Tusen takk. Ein liten blir da vel, men blir nok stort sett som dei andre dagane. Hels gjengen.. Arne: Tusen takk. Har nok vore litt av kvart for deg og dine om dage ja. I morgon er ein heilt vanleg dag for oss ;)