Profile
Blog
Photos
Videos
Vakna opp i campingvogna, slo opp augene, åt frukost og var klar til å sykla. Vel klar og klar, da hølja ned ute. Da er ikkje so moro å starta i høljeregn, men når ein har fått trødd seg litt varme so går da seg til. Og da klarna faktisk opp utpå dagen so me fekk litt sol i dag og.
Mykje av dagens etappe har gått gjennom fine skogområder. To felts sykkelveg på asfalt i skogane. Går nokre stikkvegar ned til sjøen som me kan ta hvis me vil. Blir ivertfall eit par slike etappar til.
Har stoppa og ete middag i Leon i dag. So no har me vore i Leon både i Spania og Frankrike. Teke oss god tid når me stoppar og et. Ca 1 1/2 time stoppa me i dag når me åt middag.
Om kvelden so har me litt faste rutinar. Les vg, sogns avis, skriv blogg og legg inn bilde. Ser litt på kart og planleigge neste dag. So me kjeda oss ikkje. Til slutt so ser me Vestlandsrevyen. Ein blir fort trøtt om kveldane, so me er ofta i seng før halv elleve.
Er meldt dårlig vær eit par dagar til, men so ser da ut som da kan bli bedre.
ME VIL HA SOL HEILE DAGEN.
- comments
Stine-Iren Håpa de får ein fin 1 Mai;)
Norunn/Jarle Hei Stine Iren. Kjekt å skypa i dag med heile gjengen. Ja da me har hatt ein kjempefin dag..