Profile
Blog
Photos
Videos
HEI.....
Gårkvelden blei avslutta på eit Steak house ( Buffalo ) Norunn åt ein biff med peparsaus og Jarle åt spareribs. Kjempegodt.
Opp til frukost 08.00 i dag. Der kor det ikkje er buffet (dei fleste plassar ) er frukosten ganske standard. Ein baguett, ein croisant, ein cafe ole og eit glas juice. Da er nok da.
Har hatt ein kjempefin dag på sykkelen ute på landsbygda i Frankrike. Blei mykje bedre vær i dag og enn da meldingane spådde. Da er me veldig fornøgde med.
I dag er me komt til Caen (må ikkje forvekslast med Cannes ) Caen er ein by med 120 000 innbyggara. Likavel so sykla me omtrent rett på hotellet i dag og. Og da me stor trafikk. Er vortne rett flinke er me, om me so skal sei da sjølve. Gps er oppskrytte greier.
Ikkje av dei finaste romma som me har hatt der kor me bur i dag, men heilt greit.Me bur i 5 etase og dusjen er i 3. Kan no væra spennande nok da ;) Her er heller ingen heis, so me kvir oss noko voldsomt til å gå i trapper. Skal vist væra god trening da og.
Norunn snakka om å gå til frisør ein av dagane. Sykla forbi ein hundefrisør her ein dag. Får undersøka litt prisar, men da må no vel bli billigare med hundefrisør. Då blir da ein kongepuddelfrisyre :))))
Sjekk bilda frå i dag. Er eit par stykker dar som me tykte var kjempefine.
Me var ute og gjekk i gata i Caen i ettermiddag, då såg me ca 10 pansra politibila. På gatehjørna stod da tungt bevepna politifolk. Me lurte fele på ka da va. Hadde me gløymt å gje tegn når me skulle svinga!!!
Var vist dan Franske presidenten som var på besøk i byen. Teink da, besøk av presidenten og oss samme dagen. Og sopå sjølvaste 17 Mai.HURRA.
Me har ikkje med oss flagg, men klistermerke har me, Norunn har hatt eit på bringa og Jarle eit i skadl. Mange som lurte når karen kom inn på butikken og skulle handla med eit klistermerke i panna. Gjeld å ikkje ta seg sjølv so høgtideleg.
CAEN ER HOVEDSTADEN I REGIONEN CALVADOS. CAEN ER DEN TREDJE STØRSTE BYEN I NORMANDIE NEST ETTER LE HAVRE OG ROUEN.
GRATULERA MED DAGEN HEIMA. HURRA FOR 17 MAI.VIVE LA NORWEGE.
4...
- comments
Benny :)))
Stine-Iren Hehe:) me ler,ser føre meg dan kongepoddel frisyren;) får ikkje håpa ho begynna bjeffa før voldsomt:)